Sverigedemokraterna fengar kristne veljarar
Det høgrepopulistiske og innvandringskritiske Sverigedemokraterna (SD) har draget på kristne veljarar. – Eg ber til Gud kvar dag, seier partileiaren.
Jimmie Åkesson leiar partiet Sverigedemokraterna som no seglar i sterk meiningsmålingsmedvind. Åkesson har vore SD-leiar i 13 år.
BJÖRN LINDGREN/TT/NTB scanpix
Sundag 9. september går svenskane til valurnene for å velje ny Riksdag. Kampen står om 349 seter, og regjeringsmakt.
Ei fersk meiningsmåling instituttet Sifo har gjort for den svenske avisa Dagen viser at partiet ingen vil samarbeide med i Riksdagen, Sverigedemokraterna, har fått ein svært sterk posisjon blant veljarar som definerer seg som kristne.
Heile 18 prosent ville ha røysta på SD om det var riksdagsval no. Til samanlikning fekk SD berre ei oppslutning på fire prosent blant kristne ved valet for fire år sidan, viste ei valmåling.
Bestill abonnement her
KJØP