Nyheter

SV krev open runde i Stortinget

Seier nei til lukka komitémøter.

Solberg-regjeringa skal avgjere om Norge skal svare ja eller nei til å delta i krigen mot IS i Syria. Men Stortinget skal også ha eit ord med i laget.

– Vi må ha ein open, levande og intens debatt om ei eventuell norsk deltaking, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

– Vi kan ikkje ha det slik som sist. Då gjekk vi til krig per mobiltelefon.

LES MEIR: SV vil gi KrF tilflukt

Ringte rundt

17. mars 2011 vedtok FNs tryggingsråd resolusjon 1973 om å bruke «alle naudsynte midlar» i Libya for å verne sivile.

Dåverande statsminister, Jens Stoltenberg, ivra for at Norge skulle delta i bombinga av Libya. Stoltenberg samla korkje regjering eller Storting for å fatte eit vedtak. Utanriksminister Jonas Gahr Støre ringte rundt til leiarane for opposisjonspartia, Siv Jensen, Erna Solberg, Trine Skei Grande og Dagfinn Høybråten – og fekk støtte. Seks F16-fly blir sendt til Kreta.

LES MEIR: SV trekker seg fra asylavtalen

Ikkje naudsynt

Dåverande leiar av Stortingets utanrikskomité, Ine Marie Eriksen Søreide, blei også varsla. Ho meinte at det ikkje var naudsynt å samle utanrikskomiteen for å bli orientert om Libya-operasjonen.

– Ting skjedde så fort, og situasjonen i Libya kravde det. Vegen blei til ein viss grad til medan vi gikk, sa ho til Aftenposten i april 2011.

I dag er Ine Marie Eriksen Søreide forsvarsminister i Solberg-regjeringa.

Seier nei

I SV, som støtta Libya-bombinga i 2011, ser ein annleis på ein Syria-innsats:

– Situasjonen kan fort gå frå vondt til verre, slik vi har sett det i Afghanistan, Irak og Libya, seier Lysbakken.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter