Nyheter

Strid 
i heilagt land

Statkraft skal byggje vasskraftverk i Chile. DNB finansierer oljeleidning 
i USA. Begge stadar er ein i konflikt med urfolk som vil verne heilagt land.

Bilde 1 av 2

Sitjande i ein campingstol i protestleiren i reservatet Standing Rock kastar sioux-indianaren Faith Spotted Eagle fram ei utfordring til oljeleidningsutbyggjarane:

Kva om Sioux Nation vedtok at dei vil byggje eit prosjekt tvers gjennom USAs æreskyrkjegard Arlington i Washington?

Paradoks

I Norge blir dyre vegprosjekt dyrare fordi ein vil ta vare på utsette dyr. Det blir bygd kanalar, tunnelar og eigne bustadar for froskar, padder og salamandrar.

I Rogaland er det bygd froske­tunnel under eit stort vegkryss. På Sunnmøre blei ein ny veg ­dyrare for at han ikkje skulle bli ein «paddedrapsmaskin». I Hordaland fekk elvemuslingar eit eige basseng i samband med bygginga av ein ny biltunnel.

– Det er eit paradoks. Staten viser stor vilje til å verne utsette­ dyreartar ved vegbygging i ­ ­Norge, men overser utbyggingar som rammar urfolk langt unna. Og her er vi ved forklaringa.­ Vasskraftutbygginga i Chile 
og oljeleidningen i USA er så langt unna at ein kan bry seg mindre, seier Cecilie Pérez.

Ho representerer RAPMO, ein norsk organisasjon som støttar urfolket mapuche i Chile.

I to store energi­prosjekt, ein 190 mil lang oljeleidning i USA og eit vasskraftverk i Chile, blir to norske selskap skulda­ for ikkje å ta omsyn til urfolk som vil verne land av ­religiøse grunnar; heilagt land og heilage stader står i fare for å bli øydelagde.

Staten, ved Næringsdepartementet, eig 100 prosent av Statkraft og 34 prosent av DNB. I tillegg har Oljefondet investert 6,7 milliardar kroner i selskapa som byggjer ut og driftar oljeleidningen.

Vatn

Sidan april har det kome stadig fleire demonstrantar til
indianarreservatet Standing Rock i delstaten Nord-Dakota i USA. Blant dei frammøte er det mange urfolk, frå Nord- og Sør-Amerika, Asia og Europa.

I fredelege protestar seier dei nei til at ein oljerøyrleidning skal gravast gjennom reservatet – og under Missourielva. Sioux-indianarane seier anleggsarbeidet raserer heilagt land og heilage stader – og at lekkasjar frå leidningen vil forureine deira einaste drikkevasskjelde, Missourielva.

LES OGSÅ: Frykter Statkraft gir opp Nepal

Heilagt

– Det er vanskeleg å få gjennomslag for å verne heilagt land i USA, det er lettare­ å få gjennomslag for vern av grav-stader, seier religionsvitar Siv ­Ellen Kraft. Professoren ved Universitetet i Tromsø (UiT) kom nyleg heim frå Standing Rock i Nord-Dakota.

– Kva kan vere ein heilag stad?

– Både gravplassar, særskilde stadar i naturen og vatn blir av Sioux-representantar omtalte som heilage. Når ein seier at vatn er heilagt, så betyr det i denne saka at kravet om å stoppe «den svarte slangen» er ufråvikeleg.

LES OGSÅ: Børge Brende tok strømmen fra en bygd i Guatemala for å gi nødhjelp til Syria

Verdi

Samisk kyrkjeråd, under leiing av Sara Ellen Anne Eira, rettar ein åtvarande peikefinger mot oljeleidningsaktørane i Nord-Dakota:

– Respekt for andre menneske­ tilseier at ein ikkje øydelegg deir­a gravstadar og andre heilage stadar. Slike stadar har ein verdi som ikkje kan eller skal målast i pengar.

Når Cecilie Pérez i RAPMO samanliknar striden i Chile med den i USA, finn ho ein fellesnemnar:

– Argumenta om at dei norske aktørane går inn i urfolkområde­ og øydelegg heilagt land når ikkje fram til styrerom og konsern­leiingar. Argumenta blir berre oversett.

I Standing Rock såg professor Kraft at demonstrantar frå heile verda samla seg bak sioux-indianaranes krav om at heilagt land og heilage stader må vernast.

– Dei som er der har eit felles språk, bøn og seremoniar. Dei snakkar om sjølve demonstrasjonane som bøn og seremoni.

– Når urfolksrepresentantar ved Standing Rock ber på sine lokale språk, vil orda for mange av tilhøyrarane vere uforståelige, men dei kjenner att sjølve forma; at det er ei bøn, noko som fordrar vyrdnad og respekt.

LES OGSÅ: Suu Kyi under hardt press etter overgrep mot muslimer

Bøn

– Til saman blir det ei fellesbøn, ei innramming av protesten mot oljeleidningen.

– Når denne saka er blitt så stor, handlar det delvis om at olje­leidningen er blitt sjølve symbolet på dei mange kraftutbyggingane som kjem i konflikt med interessene til urfolk, interesser som handlar om heilagt land. I Standing Rock samlar ein seg både politisk og religiøst.

Inntekter

– Kva motiverer norske statseigde selskap til å gå inn i urfolkområde, Perez?

– Utsikter til store inntekter. Det ligg mykje pengar her.

Pérez fortel at mapuchefolket i Chile har ein naturreligion, animisme, der åndene lever i naturen. Mennesket kan ikkje endre naturen utan at det får katastrofale følgjer. Ho fortel at konsekvensen av vasskraftutbygginga er døden for denne kulturen.

– Kraftverket blir lagt midt i heilagdomen deira. Og døyr 
religionen, døyr også kulturen.

Trussel

– Men Statkraft seier at energiutbygginga skal kome urfolket til gode?

– Mapuchefolket vil sjå lite til godene. Kraftinntektene blir berre­ sentraliserte. Og krafta som blir produsert går til tre­foredlingsindustri og gruvedrift som representerer ein stor trussel mot mapuchefolket i regionen.

Perez seier dei norske investeringane går inn i eit utviklingsmønster der urfolk kjem under stadig større press, og vilkåra for å føre kultur vidare blir berre dårlegare.

Urfolk over heile verda opp­lever framleis kolonialistiske overgrep, slår Samisk kyrkjeråd og leiar Eira fast.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter