Nyheter

Strengt nikabforbod i barnehagen

Barnehagelærarar som nektar å ta av nikaben, vil få sparken. Menneskerettsorgan fryktar skulefråfall og isolasjon når nikabforbod blir innført.

Norge går i front i Norden, og blir det einaste landet som innfører reglar om bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansikt i barnehagar.

I går kom forslaget på bordet. Etter at kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i trontaledebatten i oktober varsla at Solberg-regjeringa ville fremje eit forbod mot «heldekkende ansiktsplagg på norske skoler, høyskoler og universitet».

Etter sju månader med utgreiingsarbeid i Kunnskapsdepartementet, er forbodet til regjeringa utvida med endå ein sektor, barnehagane.

LES MEIR: De blåblå vil styrke likestillinga 

Streng handheving

Medan tekstilreglane til dei blåblå i hovudsak gjeld elevar og studentar i grunnskulen, vidaregåande, høgskular og universitet, blir nikabforbodet retta direkte mot dei tilsette i norske barnehagar. Departementet trur ikkje foreldre vil sende barn i barnehagen med nikab, burka - eller andre tekstilar som dekkjer ansiktet.

Forbodet i barnehagen skal bli absolutt:

«(...) nasjonalt forbud bør gjelde for alle som er ansatt i barnehagen. Behovet for å sikre god kommunikasjon mellom den ansatte og barna vil være like stort uavhengig av om ansettelsen er fast eller midlertidig», skriv departementet i forslaget som er sendt ut på høyring. Inkludert er også praksisstudentar.

Barnehagetilsette som ikkje vil rette seg etter forbodet, skal først bli snakka til. Så, om brota gjentek seg, ventar oppseiing eller avskil.

LES VÅRT LANDS LEIAR: Riktig å forby nikab i utdanningssektoren 

Vil sjå ansiktet

På eiga Facebook-side forklarar statsminister Erna Solberg (H) forbodet, som er utvida med barnehagar, med tillit:

«Det er en viktig verdi å kunne se ansiktet på dem man treffer og snakker med. I vårt samfunn bør vi møtes ansikt til ansikt med et åpent sinn. Vi foreslår ikke et nasjonalt forbud, men i barnehager og utdanningsinstitusjoner, hvor det er til hinder for god kommunikasjon og dermed god læring.»

Regjeringspartnar Framstegspartiet understrekar at ansiktsdekkjande plagg som til dømes nikab og burka høyrer ikkje heime i skule og barnehage.

– Det er en heilt grunnleggjande verdi at ein skal kunne kommunisere med kvarandre, seier konstituert integreringsminister Per Sandberg (Frp).

LES MEIR Listhaug sa nei til nasjonal nikabforbod

LES MEIR Klart for nikabforbod i skulen

Få land

I arbeidet med regelverket har Kunnskapsdepartementet hyra inn Wergelandssenteret til å kartleggje tilhøva i andre europeiske land som har forbod som kan likne det komande norske:

• Frankrike: I 2011 blei landet det første i Europa som innførte eit generelt forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet i det offentlege rom.

• Belgia: Fekk i 2011 eit generelt forbod mot klede som dekkjer til identiteten til brukaren.

• Tyskland: 16 delstatar er det forbode for lærarar å bruke synlege religiøse klede og symbol, inkludert ansiktsdekkjande plagg, i offentlege skuler.

• Nederland: I 2016 blei det forbode å dekkje til ansiktet i utdannings- og helseinstitusjonar og på offentleg transport.

Meir hat

Frankrikes strame forbod har hatt konsekvensar, fortel Komiteen mot islamofobi i Frankrike (CCIF), ein rådgjevande organisasjon i FN: Sidan forbodet blei innført i 2011 har hathandlingar mot muslimar auka. I 2013 var fire av fem rapporterte handlingar retta mot kvinner, melder CCIF.

Kunnskapsdepartementet skriv i høyringsbrevet at det ikkje har funne «forskning som ser på hvorvidt forbudet er den direkte årsaken til den markante økningen av rapporterte hathandlinger mot muslimer. Årsakssammenhengene er trolig kompliserte. Den generelle samfunnsutviklingen og dramatiske enkelthendelser kan være del av bakgrunnen for veksten i hathandlinger».

Wergelandssenteret, som er knytt til Europarådet, dreg fram fire konsekvensar av det franske forbodet:

• Kvinner blir isolerte i heimen.

• Kvinner blir råka av diskriminering og fysiske åtak i det offentlege rom.

• Spenningar mellom minoritetsmiljø og resten av befolkninga blir forsterka.

• Det er uproporsjonalt; råkar få.

Fell ut av skulen

I arbeidet med lovendringane har departementet konsultert nemnde Wergelandssenteret, Holocaustsenteret, Nasjonalt senter for fleirkulturett opplæring, Samarbeidsrådet for tros- og livssynsamfunn og Islamsk Råd Norge. Desse har fleire åtvaringar mot forbodet:

Generelt forsterka stigmatisering, auka isolasjon, kvinner vil unngå offentlege stader og blir dermed ekskluderte frå å delta i samfunnet og jenter vil droppe ut av skulen og høgare utdanning, noko som igjen får konsekvensar for yrkesdeltakinga.

Samla vurdering

Kunnskapsministeren ser konsekvensane, men meiner forbod likevel er vegen å gå:

«Departementet legger (...) vekt på at et nasjonalt forbud kan virke forebyggende og at det gir større forutsigbarhet. Departementet har på denne bakgrunn og etter en helhetsvurdering kommet til at det bør innføres et nasjonalt forbud mot bruk av ansiktsdekkende plagg i barnehager og utdanningsinstitusjoner.»

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter