Nyheter

Strammar inn abortretten

To delstatar vil ikkje støtte fattige, abortsøkjande kvinner. Ein delstat avviste å endre abortlovverk.

Ved mellomvalet i USA tysdag skulle veljarane i tre delstatar, West Virginia, Alabama og Oregon, avgjere forslag om å stramme i abortlovgjevinga.

– Forslaget til innstramming av lovverket må avvisast. Retten til abort skal stå ved lag, urørt, sa Eli Baumwell til Vårt Land i oktober, då vi vitja West Virginia.

Han er politisk direktør i ein av USAs eldste borgarrettsorganisasjonar, The American Civil Liberties Union (ACLU), avdeling West Virginia. Dei seinare åra har ACLU arbeidd mykje med likekjønna ekteskap, LHBT-personars rett til adopsjon – og kvinners rett til abort.

LES MEIR: Abortretten under press i USA

Tapte kamp

Men ACLU, som var medarrangør av kampanjen Stem Nei, gjekk på eit tap. Fleirtalet i West Virginia - nesten 52 prosent mot vel 48 – støtta forslaget om å utvide delstatens lovverk med dette tillegget:

«Ingenting i denne lova sikrar eller vernar retten til abort eller krev finansiering av abort.»

Sidan det offentlege blei pålagt - som følgje av ein dom i 1993 - å støtte abortsøkjande fattige kvinner økonomisk, har West Virginia brukt ti millionar dollar på 35.000 abortar.

No kan delstatsforsamlinga kutte all offentleg støtte - om dei ønskjer å fremme eit slikt forslag. I forsamlinga har republikanarane, som er abortmotstandarar, fleirtal.

LES MEIR: Republikanarane held på Senatet, taper Representantanes hus

Ekstra vern

Ved kvart val i USA er det folkerøystingar om kontroversielle saker i tillegg til val på medlemmer til Kongressen.

I Alabama sa fleirtalet av veljarane – 59 prosent mot 41 – ja til å utstyre delstatens lovverk med eit tillegg som understrekar at abortpolitikken skal «gjenkjenne og støtte heilskapen i ufødt liv og rettane til ufødde barn, inkludert rett til liv».

LES MEIR: Ho gav kvinner i USA retten til abort. Så blei ho abortmotstandar

Ja til støttekutt

Og akkurat som i West Virginia sa fleirtalet ja til eit lovtillegg om abortrett og abortstøtte: «Sjå til at ingen føresegner i loven gjev rett til ein abort eller krev finansiering av abortar».

Med dette får delstatsforsamlinga høve til å fremje forslag om å kutte all offentleg økonomisk støtte.

– Valutfallet blir eit testamente til Alabamas konservative verdiar seier talsmann Rick Renshaw i Alliance for a Pro-Life Alabama til al.com.

Forslag avvist

I vestkyststaten Oregon, som er langt meir liberal enn konservative West Virginia og Alabama, avviste eit solid fleirtal å stramme inn delstatens abortlovgjeving. 64 prosent, mot 36, sa nei til å kutte offentleg økonomisk støtte til abort i Oregon.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter