Nyheter

Strammar ikkje våpenlovene – vil heller be

Konservative politiske leiarar i USA ber på Twitter etter massakren.

– Dei er både strategiske – og ektefølte – når dei rykkjer ut og fortel at dei ber for offera etter nye nedskytingar – sjølv om det ikkje ser slik ut for alle, forklarar religionsvitar Helge Årsheim.

Forskaren frå Det teologiske fakultet på Universitetet i Oslo arbeider med religion, politikk og lovgjeving, og har vore på forskingsopphald i USA.

LES OGSÅ: « God is not fixing this»

– De stiller seg på de svakes side

Han meiner republikanske politikarar opptrer reieleg når dei sender ut meldingar på sosiale medier om at dei ber for offera etter skytehendingar.

– Dei stiller seg på dei svakes side; offera og deira pårørande.

– I eit oppløp mot presidentvalet – kor viktig er det å vise at ein har tru på bøn?

– Bøn er ikkje berre eit strategisk verkemiddel, det viser at ein er religiøs, og det er viktig for å bli valt. Det er ei myte at republikanske politikarar er mest religiøse. Barack Obama viser tydeleg kvar han står, akkurat som Bill Clinton, han gjorde det same, seier Årsheim.

Som president brukar Obama ofte orda «så hjelp meg Gud» og «Gud signe Amerika» når han opptrer offentleg.

LES OGSÅ: De som dreper skolebarn

Slakta ned 14

Religionsvitar Helge Årsheims vurderingar av republikanske politikarar er tufta på det som skjedde onsdag og timane etterpå.

Då blei 14 menn og kvinner drepne då to personar gjekk inn på eit helsesenter i San Bernardino i California og opna eld med automatvåpen. 14 personar blei sendt til sjukehus med skotskader.

I USA reagerte framskotne politikarar svært ulikt. Demokratane, med president Barack Obama i spissen, gjekk rett på sak: strengare våpenkontroll.

– Vi veit at vi kan setje i verk tiltak for å gjere amerikanarane tryggare og at vi bør kome saman på tvers av partigrensene og på alle nivå for å sikre at slike hendingar blir sjeldne og ikkje normale som i dag, sa statssjefen.

LES OGSÅ: Slik endret finnene skolene etter massakrene

Svarte med bøner

Det republikanske partiet, som har fleirtalet i både Senatet og Representantanes hus i Kongressen, snakka ikkje om våpenkontroll og strengare reglar. Kobbelet av republikanske presidentkandidatar valde å møte nedslaktinga i San Bernardino med ein heilt annan strategi, melder avisa Daily News:

Dei preika om bøn, på Twitter.

«Våre bøner er for offera, deira familiar (...)», skreiv presidentkandidat Ted Cruz. Akkurat som han gjorde etter drapa i Colorado Springs sist veke: «Ber for dei kjære til dei drepne.» Her skaut ein mann personar utanfor ein abortklinikk.

LES OGSÅ: – To skoleangrep hindret i Norge

Tankar og bøner

Presidentkandidat Ben Carson fremja også bøn som løysing etter massakren onsdag:

«Mine tankar og bøner er med skyteoffera.»

Utfordrar og guvernør Chris Christie ville ikkje vere dårlegare:

«Ber for alle offera etter skytinga i San Bernardino.»

Favoritten Jeb Bush var også tydeleg:

«Ber for offera og deira familiar.»

Akkurat som Rand Paul:

«Mine tankar og bøner er med offera.»

Og Mike Huckabee:

«Ber for dei involverte i skytinga i California.»

Og Lindsey Graham:

«Tankar og bøner er med SanBernardino.»

LES OGSÅ: En dag banket IS på dør til «Hassan»

Søk tilgjeving

Dei mange bønemeldingane frå leiande republikanarar fekk demokraten Chris Murphy, som er senator, til å taste ned ein refs av den republikanske bøneiveren på Twitter:

«Dine ‘bøner’ bør vere for tilgjeving dersom du ikkje gjer noko - enno ein gong.»

I oktober, etter ei skytehending i Oregon med ni døde, sa ein opprørt Barack Obama at «våre tankar og bøner er ikkje nok».

LES OGSÅ: «La oss steine en muslim, på Facebook»

Paven ba

Tre veker før blodbadet i San Bernardino blei 130 personar drepne av terroristar som slo til mot ei rekkje sivile mål i Paris. Flest mista livet i konsertlokalet Bataclan, heile 90.

Kort tid etter at terrordrapa i Frankrikes hovudstad blei kjent, byrja oppmodinga om å be for byen å bli spreidd i sosiale media. Fremst blant oppmodarane stod pave Frans. På Twitter skreiv leiaren for 1,2 millionar katolikkar følgjande:

«Eg har djup sorg for terroriståtaka i Paris. Ver så snill å bli med i bøn for offera og deira familiar.»

Følg oss på Facebook og Twitter!

Dalai Lama ba ikkje

Ein annan andeleg leiar, fredsprisvinnaren Dalai Lama, var slett ikkje samd med paven. Tibets spirituelle leiar forkynte at han ikkje ville be:

– Menneska har skapt terrorismen, så stopp med å be til Gud om ei løysing. Dette er eit problem menneskeslekta har skapt, så Gud kjem ikkje til å ordne opp, sa han til tysk media tre dagar etter terroråtaka i Paris.

– Eg er buddhist og trur på bøn, forsikra Dalai Lama, men han meinte det var ulogisk å tru at Gud vil stoppe menneskeskapt terror.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter