Nyheter

Stortinget krev utgreiing frå Røe Isaksen

Ordninga som sikra fattige studentar frå Sør masterutdanning i Norge blei fasa ut. Stortinget krev evaluering av konsekvensane.

Stortingets utdanningskomité er samla, og gjev kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) eit spesifikt oppdrag han må løyse neste år:

«Stortinget ber regjeringen evaluere konsekvensene av utfasing av kvoteordningen for utenlandsstudenter og komme tilbake til Stortinget på egnet måte i løpet av 2018», lyder oppdraget som er formulert i budsjettinnstillinga – etter at KrF fekk med seg dei andre partia.

LES MEIR Sviktar studentar frå fattige land

Revidert

To av opposisjonspartia, Arbeidarpartiet og SV, uttrykkjer ekstra stor bekymring for situasjonen: «(...) andelen utenlandsstudenter har gått ned, og i sær fra utviklingsland. Disse medlemmer mener dette er uheldig både for studentene, norske læresteder og ut fra bistandshensyn, og mener derfor regjeringen i revidert nasjonalbudsjett må vurdere nye tiltak for å øke studiemobiliteten og internasjonaliseringsgraden i norsk høyere utdanning.»

I november sa KrFs utdanningspolitisk talsmann, Hans Fredrik Grøvan, til Vårt Land at partiet ønskte å ta opp saka i revidert. Men i innstillinga gjekk ikkje KrF saman med Ap og SV då dei fekk på plass kravet om evaluering.

Rike

Fattige afrikanske studentar kjem ikkje lenger til Norge for å få gratis utdanning heimlanda sårt treng. Rike ­asiatiske studentar får plassane, melde Vårt Land i november.

Det såkalla kvoteprogrammet blei etablert i 1994. Målet var å gje høgare utdanning ved universitet og høgskular til studentar frå ut­viklingsland som kan kome heimlandet til gode når dei reiser tilbake etter avslutta utdanning.

Lånekassa administrerer retten til stipend og lån, på same måte som for norske studentar. Studielåna blir sletta når studentane returnerer til heimlandet etter avslutta mastergradutdanning og buset seg der. Vel dei å bli i Norge må dei betale tilbake lånet slik som resten av studentane i Norge.

LES MER Afrika ble budsjettvinner

Omlegging

Men hausten 2015 la kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) fram eit budsjettforslag som skrota ordninga. Han forklarte at ei evaluering viste at «dei kunnskapspolitiske målsetjingane for ordninga berre i liten grad blir nådde».

Statsråden fekk på plass eit studieprogram som satsa på mellominntektsland, og då særleg dei såkalla BRIKS-landa, Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika.

Kritikk

Før neste års statsbudsjett blei endeleg handsama i Stortingets utdanningskomité, gjekk professor Anders Breidlid Høgskolen i Oslo og Akershus (HIOA) ut og refsa særleg KrF for manglande innsats. Han meinte at bistands­ivrige KrF og Venstre skulle fått Solberg-regjeringa, som har utdanning i fattige land som satsingsområde, på andre tankar då dei fire partia forhandla fram ein budsjettavtale sist veke.

– Vi lukkast ikkje å få gjeninnført kvoteordninga sjølv om KrF sa til meg at det var ei veldig viktig sak, fortalte Breidlid til Vårt Land.

Evaluering

Hans Fredrik Grøvan, KrFs utdanningspolitisk talsmann, vedgjekk at omlegginga slett ikkje er vellukka.

– Omlegginga vi støtta har ikkje gjeve dei resultata vi ønskte. Også vi ser at særleg masterstudentar frå land sør for Sahara uteblir ved norske universitet og høgskular.

Grøvan vedgjekk at KrF «ikkje var tilstrekkeleg merksame på denne saka» då budsjettforhandlingane rulla, men lova å ta saka opp i revidert nasjonalbudsjett til våren.

No har partiet fått resten av Stortinget med å krevje ei evaluering frå kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter