Nyheter

Sterke historier påverkar opinionen

– Kva dei betyr veit eg ikkje, men at dei individuelle historiene betyr noko ser ein. Dei formar opinionen, seier Morten Magelssen.

Som forskar ved Senter for medisinsk etikk registrerer Magelssen dei som står fram i media og fortel om ulækjeleg sjukdom – og at dei ønskjer å gå ut av livet med bistand.

LES MEIR: – Eg er redd for vegen til døden

Formar opinionen

Magelssen meiner forteljingar som den til Knut Bjarkeid er med på å forme nordmenns syn på aktiv dødshjelp.

– Når folk blir oppringt med spørsmål om dei er for eller mot i gitte situasjonar, tenkjer folk naturlegvis mest på seg sjølv – og er positive. Mange ser for seg ein situasjon der dei ville ønskje å ha dødshjelp tilgjengeleg som eit alternativ, seier han til Vårt Land.

Etikkforskaren seier posisjonen til lovgjevarane, som med nokre unnatak avviser til aktiv dødshjelp, er ein heilt annan.

– Dei må stille seg spørsmålet «kva samfunn går me mot om me tillet aktiv dødshjelp».

Teikn til endring

Magelssen peikar på at berre Framstegspartiet har hatt ein programpost i prinsipprogrammet som seier ja til aktiv dødshjelp, men at denne er sovande.

– No ser eg teikn til endring. Partiets helsepolitiske talskvinne har henta fram temaet.

Åshild Bruun-Gundersen seier til ABC Nyheter «at tiden er overmoden for å diskutere temaet på en seriøs måte», og at andre politiske parti bør bli med på drøftingane.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter