Nyheter

Sterk vekst i hatkrim mot kristne

Hatkriminalitet mot kristne er meir enn tredobla på fem år. Sverige har fått folk til å melde hatkrim til politiet. Justisnestleiar vil at Norge skal lære av nabolandet.

På veg heim blir ein stoppa av ein flokk unge menn. Då dei ser at mannen har eit kors rundt halsen, gyv dei laus på han. Politiet seier det er snakk om grov mishandling.

Ein kristen konvertitt frå Marokko fortel om landsmenn som forfølgjer han i det offentlege rommet, og stiller seg opp utanfor bustaden. Etter eit restaurantbesøk blir han banka opp og skulda for å vere svikar.

LES OGSÅ: Norske organisasjoner registrerer hatkrim på eget initiativ

Med hjelp frå den svenske avisa Dagen har Vårt Land fått ut alle hatkrimsaker som gjeld kristne, og som blei meldt til politiet i Stockholm i 2014.

Eige råd

I ti år har Bråttsförebyggande rådet (Brå) hatt ansvaret for å analysere alle hatkriminalitetssakene som blir melde til politiet. Svenske styresmakter såg at talet på innvandringsfiendtlege og rasistiske brotsverk auka markant, og overførte oppgåver frå politiet til Brå.

– Hatkrimstatistikken kan brukast til å studere struktur og utvikling av politimeldt hatkrim i Sverige, skriv generaldirektør Erik Wennerström i Brå i den siste årsrapporten.

Sterk vekst

Denne viser at ein type hatkrim er blitt meir enn tredobla i perioden 2010-2014 – og det er det Brå omtalar som kristofobisk hatkrim. Talet på politimelde saker gjekk opp frå 100 i 2010 til 330 i 2014. Med kristofobisk meiner Brå hatkrim mot kristne.

Rådet forklarar veksten med at fleire er utsette, auka vilje til å gå til politiet og at politiet er blitt meir merksame på kristofobiske motiv når folk melder trugslar eller vald. 2014 blei eit rekordår. Aldri tidlegare har det blitt meldt fleire hatkrimsaker til politiet – 6.270 i talet.

LES OGSÅ: Anundsen ber ikke politiet prioritere hatytringer

Sveriges systematiske arbeid med samfunnsproblemet hatkrim vekkjer merksemd på Stortinget. Nestleiar i justiskomiteen, Kjell Ingolf Ropstad (KrF), meiner Norge har noko å lære.

– I dag ser vi at mange let vere å melde hatkrim til politiet fordi dei opplever at sakene ikkje blir prioriterte, og dei sakene som blir melde endar som regel opp med å bli lagt vekk, seier Ropstad til Vårt Land.

Eiga gruppe

Av politidistrikta er det berre Oslo som systematisk arbeider med hatkrim. I 2013 la Oslo fram ein hatkrimrapport som analyserte alle politimelde hatkrimsaker frå 2012. I 2014 oppretta Oslo Politi-Norges einaste hatkrimgruppe.

– Vi må vedgå at vi må opparbeide ein betre kompetanse rundt fenomenet og rundt det å snakke med publikum og handtere sakene på ein profesjonell måte, sa stasjonssjef Janne Strømner til NRK.

LES OGSÅ: Likestillingsombudet etterlyser politiet

Året før vedgjekk Oslos visepolitimeister Sveinung Sponheim at «hatkriminalitet er et relativt nytt begrep i Norge, og for mange er det uklart hva det innebærer».

Lære meir

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) skreiv i ein rapport om hatkrim at «hva hatkriminalitet er og konsekvensene av hatkriminalitet må inn i opplæringen av politistudenter». LDO meiner opplæringa må bli betre.

– Eg vil ta erfaringane frå Sverige opp med justisministeren. Slik eg ser det kan vi med fordel sjå mot Sverige. For eitt er sikkert; vi må intensivere arbeidet mot hatkrim, seier nestleiar Ropstad i justiskomiteen.

Med kristofobisk hatkrim meiner Brå at ein person, ei gruppe, eller kristne i sin heilskap blir krenka på grunn av sin religiøse tilhøyrsle. Dei politimelde sakene blir delte i tre underkategoriar:

• Krenkande grafitti på kyrkjer, forsamlingshus og kyrkjegardar - 49 prosent.

• Einskildpersonar som blir trua på grunn av si kristne tru - 35 prosent.

• Vald mot kristne fordi dei er kristne - 8 prosent.

Den siste kategorien auka meir enn vanleg i 2014, men førebels har Brå ikkje funne plausible forklaringar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter