Nyheter

Stenger alle kyrkjene i kommunen

I den nordlegaste kommunen i Noreg må dei stenge alle kyrkjene på grunn av pengemangel. No vurderer soknerådet i Nordkapp å selje to av dei.

– Kyrkjeverja har fått ordre om å sjå og vurdere det. Han skal sjå på korleis det kan sjå ut å fjerne dei frå våre budsjett, seier Bente Floer, leiar i soknerådet i Nordkapp, til NRK.

Det var Finnmarksposten som første omtalte saka, men den dårlege økonomien i kyrkjelyden i Nordkapp har vore tema i lokalmedia i Finnmark i lang tid.

No har det gått så langt at kyrkjelyden vurderer å selje kyrkjene i Skarsvåg og Repvåg, medan ein leigeavtale for Gjesvær kyrkje blir sagt opp. Kyrkja i Honningsvåg, kommunesentrum i Nordkapp, skal berre kunne leigast til arrangement og konsertar.

Det betyr at både dåp, gravferder, bryllaup og gudstenester må skje i forsamlingshuset til kyrkjelyden.

LES OGSÅ: Nekter å ta betalt av kirke-turister i Honningsvåg

Rett kjøl

Under eit informasjonsmøte i soknerådet i Nordkapp søndag kom det fram at formannskapet i Nordkapp kommune blei informert om stoda i november 2018, skriv Radio Nordkapp.

– Dersom vi får styrkt budsjettet med 600.000 kroner, slik at vi årleg får ei løyving på 3,7 millionar kroner, vil vi over tid komme på rett kjøl, sa Sigve Hansen Gusdal, leiar i økonomiutvalet i kyrkjelyden, under informasjonsmøtet.

Utan 600.000 kroner ekstra må kyrkjelyden stenge alle fire kyrkjene i Nordkapp kommune frå 1. februar. Den datoen er der no.

– Vi har snudd kvar ein stein for å finne løysingar, men dessverre har vi ikkje meir å ta av, seier Floer.

LES OGSÅ: Kirkene trenger økonomisk hjelp

Diskusjon lokalt

Lokalt får Arbeidarpartiet tyn for situasjonen Nordkapp kyrkjelyd er i, medan Ap skuldar kyrkjelyden for dårleg kommunikasjon. Biskopen i Nord-Hålogaland, Olav Øygard, meiner situasjonen i Nordkapp er tragisk.

– Det er ein dramatisk og veldig alvorleg situasjon Nordkapp står i. Det er ein ulukkeleg situasjon for eit lokalsamfunn, meiner Øygard.

Dei siste dagane har både Senterpartiet og SV kravd meir pengar til kyrkjelyden. Torsdag seier Sp at dei trur på ei løysing saman med Høgre og SV, slik at kyrkjene likevel kan haldast opne. Men saka er ikkje avgjort, økonomien i kyrkjelyden er skral, og det er enn så lenge uklart om stengde kyrkjer kan opne igjen som normalt.

Les mer om mer disse temaene:

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter