Nyheter

Statsråden freistar med 41.000 til returvillige

Nesten 500 marokkanarar har fått asylsøknaden handsama i UDI siste fem år. Berre 18 har fått bli i Norge. Regjeringa freistar med ekstra heimreisestønad.

Stønaden går berre til dei som søkjer om å få vende heim før 31. desember i år.

– 12 har søkt på dette, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Tom Christer Ruud i Utlendingsdirektoratet (UDI) til Vårt Land.

Marokko er ikkje kjent i Norge som opphavsland for mange asylsøkjarar. Om dei nesten 6.000 marokkanarane som har innvandra, seier Statistisk sentralbyrå: «Nesten all innvandring fra Marokko har vært familieinnvandring, direkte eller indirekte knyttet til arbeidsinnvandringen tidlig på 1970-tallet.»

Likevel har opp mot 500 personar frå det nordafrikanske landet søkt asyl i Norge dei siste åra: 441 i perioden 2014-2018, og 20 hittil i år, fortel tal frå UDI.

LES MEIR: Eritreiske flyktningar i Norge vil heim til diktatur

Arbeider for fleire returavtalar

Norge har signert returavtalar med 30 land - Marokko er ikkje mellom dei. I statsbudsjettet for neste år skriv Justisdepartementet (JD), og med det statsråd Jøran Kallmyr (Frp) at bistand er eit viktig virkemiddel når ein skal ha på plass fleire returavtalar: «Utanriksdepartementet og Justisdepartementet har utvikla felles landstrategiar for retur til særleg utfordrande opphavsland. JD og kallmyr skriv vidare at resultatet «er at det er gjort viktige gjennombrot med enkelte opphavsland gjennom å integrere retur i det bilaterale samarbeidet Noreg har med aktuelle land».

Svært få får asyl

På spørsmål frå Vårt Land om kva land det er tale om konkret, svarar justisminister Jøran Kallmyr Etiopia, Somalia og Marokko:

– Til dømes har me nyleg oppretta eige retur- og reintegreringsprogram for personar frå Marokko, utdjupar Frp-statsråden.

For utlendingsforvaltninga meiner dei aller fleste marokkanarane som søkjer asyl i Norge ikkje har bruk for vern eller opphald. Tal Vårt Land har henta ut frå UDI viser at berre nokre få får positivt svar på søknaden når direktoratet handsamar sakene.

Frå 1. januar 2014 til 30. september i år har UDI fatta vedtak i 473 saker:

Berre 18 har fått vedtak om at dei får bli i Norge.

Seks har fått asyl.

12 har fått opphald på humanitært grunnlag.

Tre einslege mindreårige fått mellombels opphald fram til dagen dei fyller 18 år.

Lokkar med 21.000 ekstra kroner

For dei som har fått endeleg avslag i utlendingsforvaltninga, tilbyr UDI ei Marokko-pakke. I presentasjonen av ordninga skriv UDI: «Hvis du søker om assistert retur til Marokko før 31. desember 2019, kan du få ekstra praktisk og økonomisk hjelp i tillegg til den vanlige returstøtten.»

Dette betyr 20.000 kroner per vaksen i ordinær reintegreringsstønad og 2.000 euro - eller 21.000 kroner – i «ekstra reintegreringsstøtte» som skal «brukes til kurs, utdanning eller å starte opp en bedrift». Familiar med barn får i tillegg ei støtte på 10.000 kroner per barn under 18 år som returnerer.

Særlig sårbare får endå meir

Dersom UDI meiner søkjaren «vil være særlig sårbar etter retur», kan den ekstra reintegreringsstønaden aukast til 4.000 euro – eller 42.000 kroner.

Dei som søkjer om returstøtte frå UDI etter at nyttårsrakettane er blitt skotne opp, vil få langt mindre: 7.000 kroner for vaksne og 2.000 for kvart mindreårige barn.

Også dei som blir tvangsreturnerte til Marokko før nyttår, får støtte: 3.000 kroner i kontantar i tillegg til 1. 000 euro – eller 10.500 – til yrkesopplæring, utdanning eller til oppstart av bedrift, som ikkje blir utbetalt kontant.

LES MEIR: EU og Norge betalar Marokko for å halde flyktningar unna Europa

Ni land på Kallmyrs liste

Utover Marokko er det laga «landspesifikke returstrategiar» for åtte land for «ein toårsperiode frå 2019-2020», fortel justisministeren til Vårt Land:

Dei åtte landa er Afghanistan, Algerie, Djibouti, Eritrea, Etiopia, Irak, Iran og Somalia. Vårt Land har bede om innsyn i strategiane, men Justisdepartementet avslår.

---

Marokko

  • Marokko er ikkje kjent i Norge som opphavsland for mange asylsøkjarar.
  • Amnesty melder i ein fersk landrapport at ytringsfridomen og retten til å samlast er under hardt press, og at domstolar dømmer journalistar, demonstrantar og menneskerettsaktivistar til lange fengselsstraffer i «urettvise straffesaker».
  • Styresmaktene forbyr eller avgrensar aktiviteten til mange organisasjonar, skriv Amnesty.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter