Nyheter

Statsminister Erna Solberg ivrig på kristenmøter

På fire månadar skal statsminister Erna Solberg (H) ha fire møter med Kristen-Norge.

I januar sat Norges regjeringssjef på fremste benk i Nidarosdomen. Erna Solberg deltok på festgudstenesta på Kyrkjemøtet 2017, Den norske kyrkjas breie folkevalde organ. På stolen ved sidan av statsministeren sat Den norske kyrkjas fremste tillitsvalde, kyrkjerådsleiar Kristin G. Raaum.

Laurdag går Erna Solberg på talarstolen i Oslo kongressenter for å tale til ein sal full av kristne kvinner. Erna Solberg har takka ja til å delta på den årlege konferansen til stiftinga JesusKvinner, eit pinsekarismatisk nettverk som samlar kvinner frå fleire kyrkjesamfunn.

– Sentrale norske politikarar kan ikkje oversjå at religion er ein blitt ein viktig arena, seier religionssosiolog Pål Repstad, professor ved Universitetet i Agder.

LES MEIR Solberg debuterer på Kirkemøtet

Rosa skulegudstenester

Anne Christiansen, dagleg leiar i JesusKvinner, er svært glad for at statsministeren kjem til konferansen, og skriv på heimesida til stiftinga at ho ser fram til å høyre kva Solberg ønskjer å «dele med oss i sitt innlegg»:

– Dei klare signala ho kom med før jul, i samband med skulegudstenestene, gjev retning og er tydelege i arbeidet med å byggje eit samfunn som både er inkluderande og som har ei solid verdiankring.

I ein stortingsdebatt om skulegudstenester i desember, løfta Solberg fram kor viktig det er å la elevar gå på slike kyrkjelege samlingar:

– Eg meiner det blir rart og ei lita unnlatingssynd dersom vi skal tilpasse oss så mykje at vi unnlèt å ta med den viktigaste delen av kvifor vi feirar jul. Det å miste det bandet vil vere ei formidling som er eit brot med vår historiske grunnlag, sa statsministeren.

Statsministerens kontor svarte ikkje på Vårt Lands førespurnad i går; kvifor deltek Solberg på JesusKvinner? Solberg var oppteken med budsjettkonferansen.

LES OGSÅ: Pilene peker nedover for Den norske kirke

Takka nei til Symposium

I byrjinga av mars var det ei anna stor kristeleg samling i Oslo kongressenter. Men Erna Solberg takka nei til å stå på talarstolen under Oslo Symposium, arrangert av aktørar som samlar kristenkonservative.

På grunn av at statsministeren allereie hadde eit fastlagt program på det aktuelle tidspunktet, takka vi nei til denne invitasjonen, opplyste Statsministerens kontor til Vårt Land dagen før arrangementet byrja.

Framstegspartiets restriktive innvandringsminister, Sylvi Listhaug, takka ikkje nei. På Oslo Symposium blei Frp-statsråden helsa hjarteleg velkomen og hylla – før ho gjekk ut i omsorgspermisjon.

Fagdag med kristne

Når Vårt Land går gjennom Solbergs kalender, viser denne at Høgres partileiar og Norges statsminister prioriterer å møte Kristen-Norge - fleire møter på fire månadar:

• Deltok på gudstenesta på Kyrkjemøtet 2017 og talte ved oppstarten av Reformasjonsjubileet, båe arrangement i Trondheim i januar.

• Talte på eit arrangement i Johanneskyrkja i Bergen i samband med Reformasjonsjubileet, i mars.

• Talar på årets konferanse til JesusKvinner, i Oslo.

• Deltek på fagdagen til Kristen-Norges Innkjøpsfellesskap (KNIF), i Oslo i april. KNIF samlar breitt i Kristen-Norge. 55 organisasjonar er inne på eigarsida i kristenkonsernet, som lever varer og tenester til medlemmane.

LES OGSÅ: «Kulturkrig» i Oslo symposium

Inkluderande kyrkje

Erna Solberg er den første statsministeren som møter på Kyrkjemøtet, Den norske kyrkjas øvste folkevalte organ. Frå festgudstenesta i Nidarosdomen gjekk ho på Lutherfesten til Den norske kyrkja:

– Nokon vil sei at reformasjonen bar ­kimen i seg til den moderne sekulære­ staten og til det fleirreligiøse samfunnet. Det er i eit slikt samfunn Den norske kyrkja ønskjer å vere ei open og inkluderande kyrkje. Der menneske med sine ulike liv og røynsler kan bli møtt og kjenne seg heime, sa Solberg i Trondheim.

Guds kjærleik

På den neste Lutherfesten Solberg deltok på, i heimbyen Bergen, snakka ho om nåde, som Solberg definerte som «Guds tilgjevande kjærleik»:

– Den er for meg, personleg, noko veldig vakkert. For den gjev oss høve til å bli tilgjeven og elska av Gud, trass i at vi ikkje er feilfrie som menneske.

Solberg rosa Den norske kyrkja for å ha valt «Nåde i vår tid» som tema for reformasjonsjubileet.

– Nåde er ei mektig, forsonande kraft fordi den fyller eit grunnleggjande, menneskeleg behov: Behovet for å bli sett, akseptert og elska for den vi er.

LES MEIR Solberg ber om toleranse i møte med andre

Møter mange

Professor Repstad deler Kristen-Norge i to politiske landskap, eitt som samlar høgresida om «tradisjonelle hjartesaker som samliv og bioetikk».

– Og så har vi eitt der vi finn Den norske kyrkja, Norges Kristne Råd, Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn og fleire frikyrkjer. Her er ein også oppteken av tema som klima, asyl og flyktningar og sosial ulikskap.

Religionssosiolog Repstad meiner Solbergs kristenkalender viser at ho prøver å femne vidt, frå reformasjonsfestar og Kyrkjemøte til kvinnekarismatisk samling.

– Media fortel politikarane at religion er viktig. Difor prøver nok Solberg å vitje eit breitt spekter av arrangement.

Stor avstand

Etter kvart stortingsval er valforskaren Bernt Aardal ansvarleg for ei grundig analysesamling – etter 2013-valet saman med valforskar Johannes Bergh.

Etter valet for fire år sidan fann dei to ut at Høgre ikkje lokka til seg veljarar frå Kristeleg Folkeparti. Eit Høgre i vekst henta «overlegent flest velgere fra FrP», skriv dei i Valg og velgere – og absolutt ingen frå KrF. Overgangen frå Frp var på 4,4 prosent.

Aardal analyserte også avvik og fordeling langs ein religiøs-sekulær-dimensjon. Her seier funna at KrF har dei mest religiøse veljarane. Av dei andre partia kjem Senterparti-veljarane nærast KrF på denne skalaen, så følgjer Frp og Høgre.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter