Nyheter

Står fast på fasten: Slik starta Ramadan over heile verda

Store bønesamlingar og kveldsmat i fellesskap skal kjenneteikne muslimane sin faste. Sjå korleis viruset påverkar den heilage månaden i år.

Ramadan 2020 blir ei fastetid for historiebøkene.

Der muslimar vanlegvis kjem saman for å be og lese Koranen, hindrar fleire land sine korona-restriksjonar måtane og plassane ein tradisjonelt møtest på.

Men sjølv om koronaviruset råkar verda, held dei fleste på sjølve fasten likevel. Slik løyste muslimar starten ulike plassar i verda:


Frivillige desinfiserer den historiske Badshadi-moskeen før Ramadan kan byrje i Lahore i Pakistan. Foto: K.M. Chaudary / AP Photo.


Muslimske menn i Aceh-provinsen i Indonesia ber si tradisjonsrike 'tarawih'-bøn, og markerer Ramadans første kveld. Dei sit tett-i-tett, trass i eit tidlegare virusutbrot i ein moské i nærleiken. Foto: Zik Maulana / AP Photo.


Fastemånaden blir stillare enn vanleg i Madrid i Spania. Retningslinjene for Covid-19 har tømt skohylla i Islamic Cultural Center and Mosque. Foto: Bernat Armangue / AP Photo.


I Marseille i Sør-Frankrike har dei tenkt nytt. Imam Abderrahmane Ghoul i Tahara-moskeen kringkastar fredagsbøna via radio til dei tusen heimar.​ Foto: Daniel Cole / AP Photo.


Her lagar dei matpakkar til muslimske migrantar til iftaar, måltidet som bryt den dagslange fasta. I Mumbai i India er Ramadan vesentleg mindre folkerik enn vanleg. Folk må stort sett halde seg heime. Foto: Rajanish Kakade / AP Photo.


Med litt avstand møtest dei geistlege i ein elles tom moské i Sarajevo i Bosnia. Foto: Kemal Softic / AP Photo.

---

Ramadan

  • Ei muslimsk høgtid som blir feira fordi Muhammad fekk si første openberring på denne tida.
  • Den niande månaden i den islamske kalenderen, som følger månen.
  • Ramadan er Islams fastemånad. Dei flestemuslimar skal avstå frå å drikke og ete frå sola står opp til ho går ned. Då blir fasta brutt med kveldsmåltidet «iftar».
  • Fasta er i utgangspunktet obligatorisk for alle vaksne muslimar (over puberteten)
  • Ramadan blir avslutta med den religiøse festen id.
  • Festen blir innleia med høgtideleg fellesbøn og preik (khutba) i moskeen.
  • Kjelder: NRK.no og Helse-Norge.

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter