Nyheter

Solberg: Vi har god tid

Valvinnar Høgre har to bodskap til dei gamle budsjettvenene KrF og Venstre: Vi har god tid til samtalar og vi vil vise stor vilje til kompromiss.

Etter å ha styrt Norge i fire år, gjekk den samla oppslutninga om dei blåblå ned med mindre enn tre prosentpoeng. Langt verre stilt er Venstre og KrF, som Erna Solberg og Siv Jensen har hatt ein styringsavtale med. Dei to sentrumspartia karra seg så vidt over sperregrensa – og ingen av dei to har fleirtal på Stortinget saman med dei blåblå åleine, slik tilfelle er no.

LES MEIR Varsler vern av verdier

Godkjentstempel

Statsminister Erna Solberg (H) steig i går fram for å kommentere utfallet på borgarleg side:

– Politikken som er ført har fått godkjentstempel, seier ho og meiner at folk ønskjer meir.

Fordi dei fire borgarlege partia­ har fleirtal på Stortinget har ­Solberg og regjeringskollega­ Siv Jensen sendt ein invitasjon til samtalar med dei gamle­ budsjettkameratane. Men, ­understrekar regjeringssjefen, ho har god tid:

– Vi har allereie gjort den største jobben, å lage eit statsbudsjett for neste år. No skal vi bruke tida vi treng til å avklare grunnlaget for samarbeid framover.

Makt

Solberg minnar Venstre og KrF om ei sak:

– Dei har lyst på både politisk påverknad og makt. Vegen til å få det er faktisk å samarbeide med oss.

Sjølv har Solberg god tru på at dei fire partia skal finne saman i åra som kjem, sjølv om dei ikkje signerer ein ny samarbeidsavtale. Ho rosar både viljen og evna til å finne kompromiss.

– Du snakkar om å forvalte eit fleirtal, kva inneber det?

– Vi må snakke saman, for dei fire partia er grunnlaget for at denne regjeringa kan sitje. Det dreiar seg om at alle parti må få gjennomslag, noko som har vore mitt mantra sidan eg blei valt i 2013, seier ho til Vårt Land.

Lim

– Tradisjonelt har Høgre­ vore limet på borgarleg side i norsk politikk, kor mykje lim har du å tilby no?

– Vi har masse lim, og evne til å finne gode kompromiss. Men det må vere slik at når ein tek ansvar, så må ein våge å stå for det ansvaret også. Dette er viktig framover, for norske politikarar kjem til å bli utfordra til å måtte stå i støy. Vi skal omstile norsk økonomi og det blir difor trongare på budsjetta framover.

LES MEIR Solberg ivrig på kristenmøter

Felt

Høgres rolle som lim på borgarleg side kom godt fram i Willoch-regjeringa. I 1983 blei Høgre-regjeringa utvida med KrF og Senterpartiet. I 1985 vann dei tre partia valet og heldt fram i regjering – med Frp som tunga på vektskåla.

Men i 1986 blei Kåre Willoch felt av Arbeidarpartiet, SV og Frp på eit kabinettspørsmål om å auke bensinavgifta – og dei borgarlege partia gjekk i opposisjon.

– Kva lærdom trekkjer du av den hendinga, Solberg?

– Det må vere veldig viktige saker før du set dei på spissen, og eg meiner den saka ikkje var ei god sak å setje på spissen for den regjeringa.

Samlingspunkt

Historikar Hallvard Notaker har skrive eit bind av Høgres historie. Han fortel at Høgre ser på seg sjølve som samlingspunktet på borgarleg side, og han er viss på at Erna Solberg kjenner partihistoria.

– Klarar ikkje Høgre å vere det samlingspunktet, får partiet ei birolle i norsk politikk, seier ­Notaker, som er førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Oslo.

Når Solberg ivrig snakkar om samtalar om samarbeid i tida som kjem, forklarar Notaker dette med at Høgre berre vinn makt gjennom samarbeidsregjeringar, som Bondevik II og Solberg I. Han peikar på at Høgre kan gå forbi Venstre og KrF og «shoppe støtte»­ i Stortinget i sak til sak, men at dette er lite slitesterkt i lengda. Difor er samarbeid vegen å gå.

Samarbeid

Harald Furre er ordførar, fylkesleiar og sentralstyremedlem i Høgre – og har røynsle frå å samarbeide med KrF om makta i Kristiansand. Han heiar på samarbeidsviljen til Solberg.

– Slik stoda er etter valet kan regjeringa «shoppe støtte» i Stortinget frå sak til sak. Men eg ­ønskjer heilt klart at vi skal få til eit godt samarbeid på borgarleg side.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter