Nyheter

Søkte sjukehus om aktiv dødshjelp

Ein pasient ønskte så sterkt å få døy at vedkommande søkte sjukehus om å få aktiv dødshjelp. Avslaga blei klaga til fylkesmannen.

– Den tenesta du ber om er ikkje definert som helsehjelp. Tenesta er vidare straffbar, skriv fylkeslege Per Stensland i Sogn og Fjordane i brevet til personen som i fleire e-postar til sjukehuset ba om å få aktiv dødshjelp.

I Foreningen Retten til en verdig død har ikkje leiar Ole Peder Kjeldstadli høyrt om andre som har kontakta norske sjukehus for å få hjelp til å døy.

– I Norge må du reise til Sveits om du ønskjer slik hjelp, fortel han til Vårt Land.

Fleirtal seier ja

Sidan Nederland blei verdas første land som tillet aktiv dødshjelp, har fleire land – og delstatar i USA – opna for slik hjelp eller legeassistert sjølvmord.

I Norge er aktiv dødshjelp strengt forbode. Men det er ei rørsle i opinionen. I 2015 viste ei måling utført for TV2 at:

• Fleirtalet, 52,3 prosent, meinte at aktiv dødshjelp bør vere lovleg.

• Dei yngre var mest positive, i aldersgruppa 15-29 år var heile 64,5 prosent positive.

I fjor viste ei undersøking frå Norwegian Bioethics Attitude Survey at 73 prosent sa seg svært eller litt samde i påstanden «Legeassistert selvmord bør tillates for personer som har en dødelig sykdom med kort forventet levetid».

LES MER: Danmark: Får klarare rammer for passiv dødshjelp

Lite modna

Framleis seier eit stort fleirtal på Stortinget nei til å liberalisere forbodet. Men under snekringa av nye valprogram i vår, blei aktiv dødshjelp drøfta i tre parti, Frp, SV og Venstre.

– Eg veit ikkje om andre parti som offentleg snakkar om aktiv dødshjelp, seier Kjeldstadli, og meiner det skuldast at mange ikkje vågar.

Leiar i Unge Venstre, Tord Hustveit, meiner å vite kvifor:

– Spørsmålet om aktiv dødshjelp er veldig lite modna i mange parti, seier han til Vårt Land.

Fordi målingar viser fleirtal for dødshjelp i opinionen, må det vere politikarar i alle parti som er for ei liberalsering, trur Hustveit.

Tre parti

Framstegspartiet vedtok i vår på nytt eit prinsipprogram med ein ordlyd som gjer partiet til Norges mest liberale: «Frihet til å bestemme over eget liv, betyr også at man bør sikres retten til en verdig avslutning av livet. Fremskrittspartiet vil derfor i noen situasjonar tillate aktiv dødshjelp regulert av et strengt lovverk».

I både Venstre og SV blei det med forsøka.

Forslaget om å opne for aktiv dødshjelp blei avvist av landsmøtet til SV, medan det var landsstyre i Venstre som til slutt sette ned foten. Det stilte seg ikkje bak formuleringa frå ein delt programkomité om å «utrede muligheter for å tillate» aktiv dødshjelp. I Venstre er Unge Venstre (UV) pådrivaren i partiet.

Fleire epostar

Saka frå Vestlandet Vårt Land har fått innsyn i, viser at ønskje om å få hjelp til å avslutte livet, er sterkt hjå pasienten. I ei fleire epostar til sjukehuset ber vedkommande om å få aktiv dødshjelp:

• «Søker tilgang på livsavsluttande medikamenter/livsavsluttande behandling.»

• «Å få hjelp til å avslutte livet på en god og smertefri måte er derimot en varig løsning. Håper det kan skje relativt kjapt.»

Milde straffer

Sjukehuset avslo, og viste til dagens strenge lovverk: «Den offentlege helsetenesta forheld seg til lovverket og grunnleggjande etiske prinsipp i Norge.»

Personen opplyste då at straffereaksjonane i Norge har vore milde for dei som er blitt dømde for eutanasi: «Dødshjelp er riktig nok ulovlig, men påtaleunnlatelse/en domsutsettelse er vel så godt som garantert i ei slik sak.»

Til sist klaga personen avslaga inn for fylkesmannen, slik det er høve til. Fylkeslegen i Sogn og Fjordane fortel kva utsikter klagar har:

– Dødshjelp er ikkje berre særskild definert som ei teneste som ikkje er helsehjelp. Dødshjelp er vidare straffbart, skriv fylkeslege Stensland i svarbrevet.

Norske legar har dei siste 25 år tilstått at dei har utført aktiv dødshjelp. Men reaksjonane har vore milde. I ei sak gav Riksadvokaten påtaleunnlating; altså strafferettsleg gult kort. Ei anna sak enda med at legen blei dømt for overlagt drap, men han fekk domsutsetjing grunna høg alder.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter