Nyheter

Søkjar fekk nei – kyrkjelyd reagerer

– Teologisk ståstad er ikkje relevant når kyrkja tilset prestar, seier leiar i Presteforeininga. Slik opplevast det ikkje for Mikael Bruun (28).

– Vi har hamna i ein situasjon vi aldri hadde sett føre oss, seier Gerd Kristiansen, kyrkjeverje i Nordreisa.

Dei siste to åra har stillinga som fast sokneprest i soknet i Nord-Hålogaland blitt utlyst fleire­ gongar, utan å få kvalifiserte søkjarar. Då stillinga vart utlyst i vår, var det to søkjarar og både sokneråd og innstillingsråd var klare: Dei ville ha Mikael Bruun som ny sokneprest.

– Vi var overlukkelege over å endeleg ha kvalifiserte søkjarar, fortel Kristiansen.

Men bispedømerådet sa nei – førre veke fekk Bruun beskjed om at han ikkje får jobben. Den andre søkjaren fekk den heller ikkje. Saka vart først omtalt av Dagen.

Utan prest

– Dei meinte­ eg ikkje oppfylde krava i ­utlysingsteksten, men eg har ikkje fått opplyst kva det var konkret, seier Bruun til Vårt Land.

Han søkte på jobben etter oppfordring av kantoren i Nordreisa, og han fekk meir og meir lyst til å flytte nordover.

– Korleis var det å få nei?

– Uforståeleg. Eg vart skuffa. Ein ting hadde vore om dei hadde tilsette nokon andre. Men når dei heller ynskjer at kyrkjelyden skal stå utan prest, verkar det veldig merkeleg.

Bispedømerådet skal ha diskutert den aktuelle tilsetjingssaka i halvannan time, ifølgje eit infoskriv prestane i området har sendt ut. Leiar i bispedømerådet, Kai Krogh, vil ikkje kommentere om det var vanskeleg for rådet å verte einige.

– Vi gjorde ei heilskapsvurdering av saka og fatta eit vedtak. Meir kan eg ikkje seie.

Ny giv

Infoskrivet, som sju prestar og kapellanar i området har sendt ut til alle prestane i bispedømet, skildrar avgjerda til bispedømerådet som «et slag i ansiktet for oss som har brettet opp ermene og gjort en ekstra innsats for bispedømmet».

– Vi hadde trengt prestar sørfrå, med ny giv, seier Jan Erik Westen, som no er fungerande prost i Nord-Troms.

Til vanleg er han sokneprest i Kvænangen. Han fortel om store­ rekrutteringsutfordringar i ­bispedømet.

– Eg har vore her i seks år, og eg har inntrykk av at det til ei kvar tid er om lag ti ledige ­stillingar her hjå oss.

Ifølgje Westen er det openlyst at det er teologi som ligg bak avgjerda til bispedømerådet. Slik opplevast det også for Mikael Bruun, som no er vikarierande sokneprest i Luster.

– Det er to grunnar til det, seier Bruun, og held fram:

– Åpen folkekirke har fleirtal i bispedømerådet, eg står for den klassiske læra i samlivsspørsmålet. Dei to syna er gjensidig ekskluderande.

I tillegg viser han til at ­bispedømerådsleiar Kai Krogh har uttalt til avisa Nordlys at kjernen i kyrkja er, på generell ­basis, «nattverdsfellesskapet, at det kan deles med alle». Bruun praktiserer til dømes ikkje nattverdsfellesskap med kvinnelege prestar, av teologiske grunnar.

– Eg er klar over at det er ei vond og vanskeleg sak, men eg har aldri opplevd konflikt på grunn av det, seier Bruun.

– Teologi ikkje relevant

Leiar i Presteforeininga, Martin ­Enstad, vil ikkje kommentere den konkrete saka, men seier at rekruttering av prestar er eit stort problem i deler av landet.

– Og det vil vere eit aukande problem framover. Ein tredjedel av prestane er over 60 år, seier han.

Ifølgje Enstad er ikkje teo-­logisk ståstad eit relevant kriterium når ein skal tilsette nokon i kyrkja. Det finst personreglement som seier at det skal leggast vekt på utdanning, praksis, ansiennitet og personleg kvalifikasjon.

– Trur du det kan vere vanskelegare for konservative prestar å få seg jobb enn dei som er meir liberale?

– Nei. Vi har ikkje fått rapportert inn saker som tyder på at det er ei utfordring, seier ­Enstad, som opplever at det er stor teologisk breidde i kyrkja.

Arbeidsro

Bispedømeråds-leiar i Nord-Hålogaland, Kai Krogh, seier han har respekt for og merkar seg reaksjonane på det som har skjedd.

– Det er fint at folk uttalar seg og får sagt det dei tenker og meiner, seier han.

No har Krogh bedd om eit hastemøte med alle involverte for å finne ut av vegen vidare. Ifølgje kyrkjeverje Gerd Kristiansen har ho og dei andre i Nordreisa ein god dialog med biskopen og bispedømekontoret.

– Det er opptekne av å hjelpe oss så godt dei kan i fortsetjinga. Det alle her ynskjer er fred og arbeidsro, å få lov til å kome ­vidare, seier ho.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter