Nyheter

Slutt opp om hijabdagen

Den store turbandagen er populær. Dei som brukar hijab må derimot vere førebudd på hets.

Forrige laurdag var det turbandagen i Oslo, for sjuande år på rad. Fleire hundre sikhar stilte opp som frivillige til å snurre turbanar og dele ut indisk mat, og over 10.000 – barn og vaksne – deltok på festen, skriv Aftenpostens Osloby.

LES MER: Sikh føler seg tvunget til å velge mellom religion og karriere

Fekk reise gratis på Flytoget med turban

Også Flytoget heiv seg på. Alle som tok toget, fekk reise gratis dersom dei hadde på turban denne dagen.

– Turbanen er eit teikn på respekt, aksept og rettferd, sa Baljit Singh idet han ynskte ein MC-fyr med langt hår og skinnjakke god tur vidare.

Han meiner målet med dagen er å bidra til at ­Noreg skal vere verdas beste land å vere annleis i. Det tykkjer eg er ein fin tanke.

ANN KRISTIN VAN ZJIP NILSEN: «Ingen veit kvifor Amran ahr begynt med hijab»

Den internasjonale hijabdagen

Derfor vart eg glad då eg såg oppfordringa om ein hijabdag i byen i ein kronikk i Aftenposten. Kvar
 1. februar er det den internasjonale hijabdagen, men det har ikkje vore arrangert feiringar av den i ­Noreg før. Men kva om Ruter – som står for kollektivtransporten i hovudstaden og mykje av landet – kan la seg inspirere av Flytoget neste februar?

Fleire av dei som brukar hijab til dagleg, opplever diskriminering, både på arbeidsmarknaden og i dagleglivet. Hannan Karmi, som Vårt Land snakka med i fjor, vart oppfordra til å søke ein jobb over telefonen. Men då ho møtte opp med søknaden, var tonen plutseleg ein annan. Mange opplever også hets på gata. I ei melding Oslo-politiet mottok i fjor, stod det:

BERIT AALBORG: Hadia Tajik strekker ut en hånd til Hege Storhaug i spørsmålet om hijab i barneskolen

«Kvinne med hijab, slått med knyttet neve»

«Kvinne med hijab, slått med knyttet neve utenfor høyskolen hun går på. ­Damen som slo skal ha sagt at slike som henne ikke skal være her i landet og holdt en flaske tåregass opp foran henne og truet med å spraye henne».

Forhåpentlegvis skjer ikkje dette så ofte. Men mange opplever frykt for det som er annleis og uvant. Turbandagen – og ein eventuell hijabdag – ufarleggjer noko som er ukjent for folk flest i ­Noreg. Det har vi godt av.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter