Nyheter

Slik påverkar korona årets skulestart

Vener kan bli skilde når kvar klasse må halde seg for seg sjølv etter skulestart. Men for dei fleste blir kvardagen nesten normal, roar kommunar

Det er ikkje berre å storme inn i skulegarden og omfamne venene sine når haustsemesteret startar måndag. Med ein smittesituasjon på gult nivå må skulane framleis gjere tiltak for å ikkje spreie koronaviruset.

Eitt av tiltaka er at kvar klasse er ein «kohort» – ei gruppe som berre held seg til kvarandre. Det gjeld både i friminutta og i klasserommet.

– Viss ein går i 1A, og bestevenninna går i 1B, får dei ikkje ha særleg kontakt på skulen. Slike tiltak kan ein merke, seier direktør Marius Arnason Bøe ved Etat for skole i Bergen kommune.

Aktivitetar i gang igjen – nesten som normalt

Det gule nivået gjer at skuledagen kan vere relativt normal i Bergen og Haugesund.

– For andre trinn enn førsteklasse liknar kvardagen slik den var før sommaren, seier Arnason Bøe.

Faget kroppsøving blir relativt normalt igjen i Haugesund frå semesterstart.

– Men enkelte aktivitetar blir begrensa ut frå kor mykje fysisk kontakt elevane har. Skulane blir oppfordra til å ha aktivitetar ute. Det hadde dei truleg hadde hatt uansett med tanke på årstida, seier skulesjef Gjertrud Elise Røvær i kommunen.

– Rektorane og dei tilsette gler seg til å ønske elevane velkommen igjen, seier skulesjefen.

Arnason Bøe i Bergen er trygg på at alt er klart til skulestart:

– Foreldre som er usikre skal vite at me gjer alt me kan for å begrense smitten. Me har trent på dette sidan 12. mars, så både lærarane og elevane har fått øvd seg på handvask, avstand og kven dei får vere med. No handlar det om å fortsette det gode arbeidet.

LES OGSÅ: Klemming kan være over for godt, folkens!

Trafikklysmodellen bestemmer tiltak

Virussituasjonen i Noreg gjer at skulane har tiltak på nemnte gult nivå. Denne trafikklysmodellen har Utdanningsdirektoratet, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet laga. I den finst færre eller fleire tiltak etter korleis smitten står til i samfunnet.

Gult nivå betyr mellom anna:

• Å unngå fysisk kontakt, som handhelsing og klemming.

• Å unngå trengslar og store samlingar.

• At ingen sjuke skal møte på skulen.

• God hygiene og forsterka reinhald.

• Å ha eigne områder i skulegarden for kvar klasse.

På grønt nivå blir grupper organisert normalt på skulen. På raudt nivå må gruppene bli endå mindre.

– Me har beredskapsplanane klare, både i kommunen og på skulane, slik at me kjapt kan gå tilbake til raudt nivå viss det skulle bli tilfellet, fortel skulesjef Røvær i Haugesund kommune.

Mykje smitte gir heimeskule i aust

I Indre Østfold blir det delvis heimeskule for elevane på vidaregåande, ifølge NTB. Kommunen set òg inn ti ekstra skulebussar for å sikre godt smittevern. Når elevane ikkje er på skulen får dei digital undervisning heime.

– Samtidig førebur me oss på å måtte gjere innstramande smitteverntilpasningar av skulestart den påfølgande veka, seier rektor Vigdis Gjerberg ved Askim videregående skole og Janne Ruud Østby ved Mysen videregående skole til NTB.

Skulane deler kommunen si uro for den alvorlege ukontrollerte smittesituasjonen som har oppstått i Indre Østfold.

LES OGSÅ: – Selv om ikke alt blir bra nok, blir nesten alt bedre. Det kan vi trygt fortelle nye generasjoner.

Utestenger foreldre – av smitteomsyn

Det blir færre førsteklasseforeldre med stolte smil og mobilkamera ved årets oppstart. Av omsyn til smittevernet er det ikkje plass til alle i år. I Haugesund ber nokre skular om at berre éin forelder blir med, og i Bergen må mange vinke farvel ute.

– Smittekrava og avstandskrava må sikrast i år. Nokre store skular har tradisjon for å ha felles oppstart. Dei må bli delt opp i mindre puljer no, fortel Arnason Bøe i Bergen kommune.

Han sikrar at skulane skal løyse situasjonar kor barn treng ekstra støtte frå foreldra første skuledag.

– Eg opplever at det er stor forståing i samfunnet om at me er i ein annleis situasjon – og at den fører med seg nokre tiltak. Dette er eitt av dei, seier Arnason Bøe.

LES MEIR:

Mener Norge­ må stoppe all utenlandsadopsjon: – Det skriker vestlig «frelserkompleks»

Ina Libak: «For unge som har arvet en katastrofe frykter mange at verden etter korona blir den samme»

«Vårens idyll om koronatiltak er borte – nå kan partier velge stridsøksa i smitte-hverdagen»

---

Skulestart

  • Første skuledag for grunnskulen er måndag 17. august.
  • Skulane skal følge gult nivå i den såkalla trafikklysmodellen – med mindre lokale helsestyresmakter bestemmer at det skal vere raudt nivå.
  • På gult nivå kan heile klassar vere samla. Det er ikkje behov for å vike frå opplæringslova, og elevane skal få tilbod på fulltid.
  • Det er ikkje åpna for at skular sjølv kan justere til grønt nivå enno.

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter