Nyheter

Slavar inn milliardar for Nord-Koreas diktator

Norsk skip bygd ved polsk verft som brukte nordkoreanarar.

– Vi har hatt møte med verftet i Polen og kravd at bruken av nordkoreanarar må opphøyre, fortel informasjonssjef Ellen Kvalsund i Kleven Maritime til Vårt Land.

– Og det har de fått lovnadar om?

– Ja.

– For Kleven har ein ny båt under bygging på verftet no?

– Ja, det stemmer.

Kleven Maritime ligg i Ulsteinvik på Sunnmøre og byggjer skip av det største slaget. Mest kjent er ein serie hurtigruter – og nyleg signerte Hurtigruten ein avtale om fire nye skip frå Kleven.

Styreleiar i familieeigde Kleven, Kjersti Kleven, er ein svært synleg næringslivsleiar. Fram til i fjor var ho styreleiar i NHOs bransjeforeining Norsk Industri. I dag er Kleven styreleiar i Maritim bransjeforeining.

Eit tema som opptek Kleven, er samfunnsansvar. «Når ein snakkar om bedrifta sitt samfunnsansvar ser ein ut over det som lova krev av bedrifta og ut over det som maksimerer kortsiktig profitt», har Kleven skrive i eit innlegg i Sunnmørsposten.

LES MEIR Vil tvinge fram dialog med atomsmell

Døydde

I Kleven Maritime likar dei ikkje det som kom for dagen då TV-produksjonsselskapet Vice nyleg publisert ein dokumentar om bruken av nordkoreanske tvangsarbeidarar ved polske skipsverft.

– Dette var ukjent for oss, forsikrar informasjonssjef Kvalsund i Kleven Maritime.

I 2014 bygde Kleven Martime eit skrog ved verftet i Polen som får stor merksemd i TV-dokumentaren Cash for Kim. Under arbeidet med skroget mista ein arbeidar livet; han brann formeleg opp som følgje av ei sveiseulukke, opplyser Teknisk Ukeblad, som var første ute med å omtale dokumentaren og dei nordkoreanske tvangsarbeidarane i Polen.

Småpengar

Vice, som publiserer via nett-TV, fortel at verftsarbeidaren som døydde under arbeidet med Kleven-båten kom frå Nord-Korea, og tilhøyrde ei gruppe gjestearbeidarar som har mykje felles:

• Dei er tvangsutsendte nordkoreanarar som formelt er tilsette i formidlingsbyrå.

• Dei har ikkje kontroll over eiga lønn, og dei får berre utbetalt mindre summar.

• Dei må arbeide utanlands i årelange periodar før dei får vitje familien i heimlandet.

LES MEIR Sjefsskifte i fangeleiren

Straffa

Nord-Korea er verdas mest isolerte stat. I vår stramma FN sanksjonane mot det undertrykkjande regimet i Pyongyang ytterlegare. Difor er Nord-Koreas sterke mann King Jung-Un, og skrekkregimet han leiar, stadig på jakt etter inntekter.

Frå ei kjelde får dei om lag 2,3 milliardar dollar, seier FN. Med dagens kurs snakkar vi om rundt nesten 20 milliardar kroner.

Kontroll

Den siste rapporten til FNs spesialrapportør for menneskerettar i Nord-Korea, Marzuki Darusman, fortel nemleg at rundt 50.000 nordkoreanarar er sendt ut i verda, med tvang, for å sikre King Jung-Un milliardinntekter. Styresmaktene har kontroll på dei utsendte ved at dei «har tilsyn» med familiane deira.

Darusman opplyser at nordkoreanarane for det meste arbeider i gruver, i tekstilindustri, i bygg og anlegg – og ved skipsverft. FN finn dei i land som Algeria, Angola, Kambodsja, Kvatorial Guinea, Etiopia, Kuwait, Libya, Malaysia, Mongolia, Myanmar, Nigeria, Oman, Qatar, Dei arabiske Emirata – og i Polen.

Utleigde

FNs spesialrapportør melder at dei nordkoreanske arbeidarane kan sitje att med så lite som 120-150 dollar i månadsinntekt. Storparten av lønna blir samla inn av nordkoreanske stråselskap som operere i kompaniskap med nasjonale selskap.

TV-dokumentaren til Vice fortel at i Polen blir nordkoreanarane leigde ut til skipsverft, som samarbeider med blant anne Kleven Maritime.

– Slikt skal ikkje skje, seier informasjonssjef Kvalsund.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter