Nyheter

Skummande strid om ølsal i nettbutikkar

Alkohollova omtalar ikkje nettsal av øl. Fleire kommunar seier nei til øllevering på døra. Helsedirektoratet granskar no ølsalet for helseministeren.

Bilde 1 av 2

Nordmenn elskar den brune, perlande drikken.

Størsteparten av auken i alkoholsalet frå 2015 til 2016 skuldast auka sal av øl i butikk. Og i fjor gjekk alkoholsalet samla opp med 2,4 prosent, melder Folkehelseinstituttet.

No meiner fleire kommunar at innbyggjarane må skjermast mot nettbutikkar som byr på øl kjørt heilt heim til kjøleskåpet.

Dei siste åra har Norge fått ei rad daglegvarebutikkar som ikkje har fysiske butikkar, men som sel varene på internett. Øl er ei viktig vare i sortimentet. Men for at nettbutikken skal få selje alkohol, må dei først søkje kommunen om salsløyve.

– Vi må ha slike løyver i alle kommunar der vi leverer øl, fortel dagleg leiar Karl Munthe-Kaas i Kolonial.no.

Per i dag har Kolonial.no ti kommunale ølløyver. Dei har fått to avslag og har ytterlegare 12 søknader inne til handsaming. I ein kommune er det varsla avslag.

LES MEIR Nordiske land truer Vinmonopolet

Vedtok forbod

Ingen kommunar er totalistar. Etter at dei siste kommunale ølmonopola forsvann, blir øl no selt i butikk i samtlege 426 kommunar.

Men fleire seier nei til å gje nettbutikkar salsløyve. Ein av desse er Lørenskog. Ein annan er Nes. Båe ligg i Akershus.

I Lørenskog har kommunestyret klubba ein alkoholpolitisk plan som slår fast at ølet må kjøpast i fysiske butikkar. Øl i nettbutikk er forbode ut planperioden, til 2020.

Planen seier at «Salgsbevilling for alkoholholdig drikk gruppe 1 gis ikke til nettbutikker (med unntak av Vinmonopolet)».

Under ordskiftet før vedtak blei fleire argument brukt: Avgrense utsalsstader, frykt for manglande sosial kontroll av ølkjøpar og ølposar kunne bli sett att på dørtrammen om kjøpar ikkje var heime då bodet kom.

Anka avslag

Fordi forbodet i Lørenskog er heimla i den kommunale alkoholpolitiske planen, kan ikkje vedtaket ankast til fylkesmannen. Men det kan avslaget i Nes. Og det er gjort.

I Nes sa først rådmannen nei fordi han meiner det er vanskeleg å kontrollere ølsal i nettbutikkar. Så følgde dei folkevalde opp med å seie nei. Dermed anka to nettselskap saka til Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

«På grunn av stor saksmengde er saken dessverre ikke blitt avgjort innenfor den oppgitte fristen. Fylkesmannen beklager dette», skriv Fylkesmannen i Oslo og Akershus i eit brev til Nes kommune.

LES OGSÅ: Få nettsprit i alle kommunar, men ikkje nettøl

Sjekkar salet

Striden rundt ølsal på nett har nådd helseminister Bent Høie (H), som forvaltar alkohollova. Han erkjenner at lovverket ikkje har teke høgde for nettsal av daglegvarer.

I eit brev til Stortinget fortel Høie at han har «bedt Helsedirektoratet om å kartlegge om det er behov for endringer i alkoholregelverket som følge av økt salg av dagligvarer over internett».

Øl på bensinstasjon

Helsedirektoratet fortel Vårt Land at lista over spørsmål knytta til ølsal på nett er lang. Kommunar, fylkesmenn og bransjeaktørar opplever at mykje er uklart.

Her er dei mest vanlege spørsmåla:

• Må ein ha kommunalt salsløyve for øl i kvar kommune ein leverer varer?

• Kan ein setje øl på sjølvbetente utleveringspunkt?

• Kan ein levere ut øl på bensinstasjonar?

• Må ein etterleve tidsavgrensingane i alkohollova for ølsal på nett?

• Kan ølet vere lagra i ein annan kommune enn der det blir levert ut?

• Kan kommunen krevje dokumentasjon på at utleveringstider og aldersgrenser blir respektert ved utlevering?

• Kva krav blir stilt til internkontrollrutinar for utlevering av øl ved nettsal?

Brukar lang tid

Når kartlegginga er gjort, skal Helsedirektoratet vurdere om dagens regelverk er tilpassa nettsal av øl. Denne tempoplanen provoserer Karl Munthe-Kaas i Kolonial.no.

– Kartlegginga er ferdig i løpet av 2017. Så skal ein vurdere om det trengs lovendring. Vi meiner lovendringsarbeidet burde blitt starta no.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter