Nyheter

Skular takkar nei til gratis biblar

Biblar som ender opp i søppelbøtter har fått fleire rektorar til å si nei til gratis biblar. Generalsekretær i Gideon Steinar A. Hopland ber til Gud om at fleire skular skal sleppe dei til.

– Det har blitt vanskelegare enn før å få løyve til å dele ut biblar på skulane. Ofte er det rektor som seier nei, medan samarbeids­utvalet for foreldra er meir ­positive, seier konstituert generalsekretær i Norsk Gideon, Steinar A. Hopland.

Gideon har sytt for biblar til både skuleungdom og hotell­gjester over heile Norge i f­leire tiår. No takkar både hotell­direktørar og rektorar nei til tilbodet. Hopland er ikkje nøgd med forklaringane til rektorane.

– Dei seier at dei fortel om kristendomen på lik linje med dei andre religionane og at ­behovet blir dekka av det, eller at dei har foreldre som ikkje ­liker ­utdelinga. Medan nokre seier at det har dei slutta med, utan å forklare kvifor.

Viss dei får lov, kjem Gideon og deler ut Det nye testamente til elevar på 8. og 9. trinn utan å ­gjere noko stort nummer ut av det.

– Vi kjem ikkje inn for å ­forkynne om Jesus, vi vil b­erre dele ut Det nye testamentet. ­Håpet er at boka skal tale for seg sjølv.

Sekulariserte byar

Hopland har merka ein tendens til at det er vanskelegare å få løyve til bibelutdeling i urbane strøk, og spør seg om det kan ha noko med ­sekularisering å gjere.

– Det er vanskelegare å kome til i storbyane enn på landet. Vi ser at kyrkjebesøk er lågare i ­byane enn bygda, så kanskje sekulariseringa har kome lengre i byane? seier Hopland.

Kva tykkjer elevane om å få ein bibel?

– Det veit vi lite om. Vi har ­funne nokre eksemplar i søppelkorger utanfor skulen, men det er sjeldan. Dei fleste tek imot, men det er alltid nokre få som ikkje vil, og det er like mange som tek imot på skular med mange ­muslimske elevar.

For mange biblar

Ifølgje ­rektor ved Kannik skole i ­Stavanger, er bibelforsøpling eit større problem enn Hopland gjev inntrykk av.

– Elevane får biblane til odel og eige. Problemet er at den ­dagen Gideon har vore hjå oss, finn vi biblar slengt i søppel og buskar kring skulegarden. Dessutan har vi nok biblar til å bruke i undervisinga, difor er vi ikkje interessert i at Gideon kjem med fleire.

Rektor ved Markaplassen skole i Trondheim, Rune ­Haldorsen, melder at det byrjar bli ­lenge ­sidan dei blei kontakta av ­Gideon, og er ikkje negativ til å få besøk av dei.

– Det er fleire år sidan vi blei spurde sist. Viss vi fekk tilbod, ville eg ha snakka med KRLE-lærarane om det passar med det dei held på med. Eg har ikkje noko aversjon mot Gideon eller kristendomen.

Nei til religion

Ved Charlotten­lund skole i Trondheim har dei ikkje fått noko tilbod frå ­Gideon, seier rektor Bjørn Ivar Midjo. Men det er nok av folk som vil spreie bodskapen sin til ungdomen, noko Midjo meiner dei kan ­gjere andre plassar.

– Eg ville nok ha sagt nei til eit slikt tilbod, akkurat som eg seier nei til alt som har med religion å gjere. Det gjeld også andre som vil dele ut noko på skulen. Vi får meir og meir hendvendingar frå aktørar, men vi seier så og seie alltid nei. Dei kan nytte seg av andre måtar.

Bøn og fleire biblar

Trass ­avdabbande ­bibelentusiasme blant rektorane, har ikkje ­Hopland tenkt å gire ned.

– Planen er å halde fram med å tilby skulane biblar. Strategien er å forklare for både skuleleiinga og foreldra kvifor vi gjer dette. Ein annan strategi vi har, som kan høyrast merkeleg ut, er å be stadig meir intenst.

Med færre positive rektorar og fleire hotellkjeder som ­takkar nei til Gideons bibeltilbod, har det blitt vanskelegare å få delt ut så mange biblar som dei ­skulle ønskje. Difor hentar Hopland ­inspirasjon frå USA.

– Gideonittar på austkysten i USA stiller seg utanfor univer-
sitet og skular og deler ut til så mange som vil ta imot. Det er snakk om tusentals av biblar. Det er litt vel amerikansk. Men vi har tenkt å teste dette på ­OsloMet i haust.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter