Nyheter

Skal stoppe 
unge frå å velje døden

Stadig fleire lærarar på vidare­gåande lærer sjølvmordsførebygging.

Fylkesutdanningssjef meiner slik opplæring av lærarar er viktig; slik kan ein oppdage elevar i ­faresona.

– Det trengs ein ekstra innsats på området psykisk helse, seier barneminister Solveig Horne (Frp).

På Riverside ungdomshus i Oslo ventar staben minister­besøk. Riverside er for alle ungdommar i Oslo mellom 15 og 22 år. No skal dei snart få høyre at seks statsrådar i Solberg-regjeringa har gått saman om ein innsatsplan for barn og unge.

– Vi må drive førebygging, vi må yte tidleg innsats, seier Horne.­ Saman med seg på framlegginga har ho sosialminister Anniken Hauglie (H), statsråden som gjennom NAV fangar opp mange av dei som fell ut av både skule og jobb fordi helsa sviktar.

LES MER: Ansetter ikke folk som sliter psykisk

Store følgjeproblem

I planen vedgår regjeringa at utfordring­ane er store:

«Psykisk helseproblemer er blant de viktigste samfunns- og folkehelseproblemene blant barn og ungdom i dag. Psykiske og ­sosiale problemer rapporteres som en av de viktigste bakenforliggende årsakene til blant annet frafall i videregående opplæring og manglende gjennomføring av høyere utdanning.»

LES MER: Solveig Horne lover et godt land å vokse opp i

Flinke, men

Generasjon perfekt blir dei kalla, ungdoms­generasjonen som no veks opp. Dei rusar seg mindre, dei er meir lovlydige, dei er flinkare på skulen, dei er meir aktive i frivillige lag og foreiningar.

Men:

Ein av fire jenter i alderen 15-16 år har depressive symptom, fortel den siste UngData-undersøkinga frå NOVA.

Ein av seks ungdommar på vidaregåande skule har sjølvmordtankar, fortel ein studie frå NTNi Trondheim.

Kvart år vel nordmenn å gå ut av livet med eiga hjelp. Det blei i 2014 registrert 548 sjølvmord, mot 556 i 2013. Talet sjølvmord har dei siste åra vore stabilt på om lag 1,4 prosent av alle dødsfall.

LES MER: Vil fjerne behandlingskø

Null sjølvmord

Men mange fleire prøver – og overlever. Folkehelseinstituttet seier at det truleg er ti gonger fleire sjølvmordsforsøk enn sjølvmord.

To fylke meiner sjølvmord må handsamast på same måte som trafikkdrepne. Visjonen må vere null sjølvmord:

«Det er ventet en økning i antall tilfeller av psykiske vansker og lidelser i årene som kommer. Store nasjonale og regionale undersøkelser bekrefter dette (...) Nullvisjon for selvmord er en nødvendig visjon som trenger et solid fundament og bred støtte. Det haster å komme i gang, for vi har allerede mistet for mange», skriv Ingelin Noresjø, fylkesråd for folkehelse i Nordland fylkeskommune, i handlingsplanen Nullvisjon selvmord, som er den andre i sitt slag. Nord-Trøndelag fylkeskommune var først ute med ein nullvisjon.

Blir kursa

Fylkeskommunane er skuleeigarar, og har medansvar for den psykiske helsa til rundt 200.000 elevar. Fleire skuleeigarar tek ansvaret alvorleg. Dei lærer alle tilsette i vidaregåande sjølvmordsførebygging.

– Det er naudsynt at vi som har så mange lærarar som er saman med ungdom heile tida lærer seg å sjå signaler på at nokre slit, forklarar fylkesutdanningssjef Sedolf Slettli i Troms fylkeskommune. Innan dei tok juleferie hadde alle tilsette vore på kurs i sjølvmordførebygging.

Avdekkje

– Godt tiltak. Lærarar får viktig kompetanse, seier Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet. Også andre skuleeigarar enn Troms har kjørt slike kurs.

På Riverside ungdomshus i Oslo er miljøterapeut Ida Engen samd:

– Kan historielæraren oppdage at ein elev slit, kan ho ved å stille dei rette spørsmåla avdekkje at eleven treng hjelp og få han vidare til fagfolk som kan hjelpe.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter