Nyheter

Set privatskulerekord

Rekordmange går på private grunnskular. 12 nye er godkjent. Direktoratet jobbar overtid med søknaden frå dei som vil opne den første muslimske grunnskulen. Oslo-byrådet seier nei.

– Éin skule er ikkje noko problem. Muslimske foreldre har den same foreldreretten som andre som får etablere friskular på religiøst grunnlag, seier utdanningspolitisk talsmann i KrF, Hans Fredrik Grøvan, til Vårt Land. Han meiner difor at Oslo bør få Norges første muslimske grunnskule.

Privatskular er omstridde. Bondevik II opna opp for eit kraftig frislepp i åra fram til 2005. Så kom Stoltenbergs raudgrøne regjering og stramma til i åtte år. Då dei blåblå overtok i 2013, blei reglane på nytt mjuka opp av Stortinget – og privatskulelova skifta namn til friskulelova.

LES MEIR Ap med tøffere tone mot privatskoler

Sterk vekst

Statistisk sentralbyrå (SSB) har talt opp alle elvane som i år sit i klasseromma på landets privatskular, og enda på 23.817 elevar, fordelte på 244 skular. SSB seier det rett fram; «det høgste talet nokon gang».

Men framleis er det eit langt steg opp til «svensk nivå». Medan 3,76 av norske elevar er heimehøyrande i privat sektor, går heile 15 prosent av grunnskuleelevane i Sverige på såkalla «enskilda skolar», som er deira form for privatskular.

Tre kristne

No har Utdanningsdirektoratet sortert ferdig årets runde med søknader om å få opne nye privatskular hausten 2018. 37 søknadar kom inn innan søknadfristen i fjor.

Etter å ha vurdert argument for og mot, seier direktoratet ja til 12 nye, der tre av dei er kristne: Elvebyen ungdomsskole i Drammen, Rennebu EnSpire skole og Oasen skole Vennesla.

Men årets runde er ikkje heilt avslutta. For søknaden frå Stiftelsen Den Muslimske Grunnskole klarte ikkje direktoratet å få gjort ferdig innan fristen 1. februar. Forklaringa på den ekstra tidsbruken er nybrotsarbeid. Direktoratet har aldri tidlegare vurdert kva ein muslimsk grunnskule vil ha for konsekvensar når det kjem til integrering.

Før direktoratet avgjer søknadane om å få etablere private grunnskular og private vidaregåande skular, skal alltid kommunen skulen skal liggje i, få uttale seg. Til no har Oslo, som er heimkommunen til søkjaren Stiftelsen Den muslimske grunnskole, konsekvent sagt nei til ein muslimsk grunnskule i hovudstaden. Dagens raudgrøne byråd sa i fjor nei, akkurat som det borgarlege byrådet sa nei i alle år.

LES MEIR Svensk privatskolekjede satser i Norge

«Ikke godkjennes»

Skulebyråd Tone Tellevik Dahl (Ap) hadde ingen opningar for ein muslimsk grunnskule i brevet ho sende til Utdanningsdirektoratet i for snart eit år sidan:

• «Forventet elevsammensetning ved skolen, herunder at skolen vil kunne få en betydelig andel minoritetsspråklige elever, vil kunne medføre betydelige utfordringer, både når det gjelder språk og integrering - uansett lokalisering i byen. Oslo kommune har en sammensatt elevgruppe hvor ca. 40 % har minoritetsspråklig bakgrunn i grunnskolen.

• «Etablering av skolen vil kunne gi økt segregering med de samfunnsmessige utfordringene det medfører. Integrering er et derfor et moment («særlig grunn») som må tillegges vesentlig vekt i den påfølgende søknadsbehandlingen.»

Dahl, som i desember blei helsebyråd, tilrådde direktoratet «at søknaden ikke godkjennes».

Ikkje «getto»

Styre­leiar Mehdi Mohammad Tadayoun i Stiftelsen Den Muslimske Grunnskole meiner deira søknad må få ja. «Mange foreldre ønsker at ­deres barn skal lære om islam i et mer skolefaglig, kontrollert miljø, og det ønsker vi å tilby dem», sa han til Vårt Land i fjor då stiftinga på nytt søkte om å få etablere skulen i Oslo.

Grøvan i KrF er samd:

– Vi snakkar ikkje om ei skulekjede som skal samle store grupper med muslimske elevar på eigne skular, det er snakk om éin skule i Oslo. Røynslene frå etableringane av kristne grunnskular viser at dei ikkje blir «gettoskular».

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter