Nyheter

Sendt ut av Norge

James Malak seier han er frå Sør-Sudan. Norge har sendt han til Kenya.

– Avgjera er sjokkerande. Han skulle bare overhalde meldeplikta, men blei arrestert og sendt ut av landet, til Kenya.

Sokneprest Signe Fyhn i Lilleborg kyrkjelyd i Oslo mista i går ein nær frivillig medarbeidar. James Malak blei i fjor haust valt inn i soknerådet. Han fekk løyve frå biskopen, sjølv om han ikkje var norsk statsborgar og heller ikkje hadde identifikasjonspapir som sa kva land han kom frå.

– Det var dette James frykta; at han skulle bli sendt til Kenya, seier Fyhn.

LES OGSÅ: Får ikkje bli i Noreg - får ikkje kome heim

Ingen kommentar

Politiets utlendingseining (PU), som har ansvaret for utsendingar, vil ikkje kommentere saka før Malak har løyste PU frå teieplikta.

Halvor Frihagen, som har vore Malaks advokat, seier han ikkje var i kontakt med Malak før utsendinga, men at Malaks støttespelarar i Oslo har fortalt han at PU har effektuert utvisningsvedtaket.

James Malak var ein av mange papirlause som oppheldt seg i Norge. Det er uvisst kor mange papirlause som er i landet, men NOAS trur det er snakk om nokre få tusen lengeverande papirlause. Ifølgje Utlendingsdirektoratet (UDI) er det 2.566 personar på norske mottak i dag som har fått avslag. For 1.211 av dei har det gått minst fem år sidan dei søkte om asyl.

LES OGSÅ: – Uaktuelt med opphald papirlause

Mangla ID

Då Vårt Land møtte James Malak i dsember for å lage ein reportasje om papirlause, fortalte han at han kjem frå Sør-Sudan, men at norske utlendingsstyresmakter meiner at han kjem frå Kenya.

Malak sa han kom frå Sør-Sudan til Kenya som tiåring saman med mor si. Deretter budde dei mange år i ein flykningleir der. I 2004 kom han til Norge og søkte opphald.

UDI sa nei. Utlendingsnemnda (UNE) sa det same. Men Malak kunne ikkje returnere, for han mangla identifikasjonspapir.

- Ein gong sende IOM meg til politiet, slik at dei kunne sende meg tilbake. Men når politiet ga meg kenyanske dokument, så sa IOM stopp. Dei ville ikkje risikere å sende meg til landet utan å vere sikre på at eg vart akseptert der.

IOM er ein internasjonal organisasjon som hjelper personar med endeleg avslag med å returnere til heimlandet.

I Norge blei Malak ein av mange lenge­verande, papirlause som lever i «limbo» - han fekk ikkje opphaldsløyve, men han blei heller ikkje sendt ut. I mellomtida hadde han ikkje løyve til å arbeide i Norge. Løysinga blei eit liv fylt med mykje frivillig arbeid i Lilleborg kyrkje i Oslo. Éin til to gongar i veka hjelpte han til i kyrkja.

LES OGSÅ: Kristen-Norge støtter kirkens kritikk av Sylvi Listhaug

Blei arrestert

I oktober blei James Malak stoppa av politiet då han gjekk av bussen i Oslo sentrum.

- Eg sprang for å rekke å gå over gata på grøn mann, for han var i ferd med å bli raud. Då sprang politiet etter meg, fortalde han til Vårt Land i desember.

- Dei sjekka ryggsekken min, men fann ingenting. Eg var på veg til babysong. Så spurde dei om eg hadde identitetspapir, og det har eg ikkje. Så då vart eg sett i arresten.

Malak blei deretter plassert på Trandum utlendingsinternat i tre dagar, før han blei sett fri. Men han fekk meldeplikt hjå politiet. To gongar kvar veke måtte han innom ein politistasjon.

- Akkurat no veit eg ikkje kva som skjer. Eg tek éin dag om gongen, sa han rett før jul.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Avtale med Kenya

Sidan 2011 har James Malak forsøkt å reise tilbake til Sør-Sudan på eiga hand, men utan å lukkast. UDI og UNE meiner han ikkje kjem frå Afrikas nyaste nasjon, men frå nabolandet Kenya.

– Trulegvis har PU fått ein avtale med Kenya som seier seg villig til å ta i mot ein kenyansk statsborgar, seier advokat Halvor Frihagen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter