Nyheter

Sendt heim til Sudan - meldte om tortur

Tvangsreturar til Sudan rysta Belgia. Heimsendte meldte om tortur, men gransking fann ikkje prov. Norge tvangsreturnerte 21 til Sudan i fjor.

Dei var drygt 8.000, demonstrantane som marsjerte gjennom Brussel med krav om at Belgias mektige mann i asyl- og flyktningpolitikken måtte gå av, og at regjeringa stoppar tvangsreturar til Sudan.

Alt starta i september, melder Norges ambassade i Belgia i ein rapport heim til Utanriksdepartementet (UD). Då kom ein delegasjon frå Sudan til Belgia på eit heilt spesielt oppdrag.

Belgia er i dag eit transittland for flyktningar og migrantar som er undervegs mot særleg Storbritannia. Medan opp mot 20.000 flyktningar søkjer asyl kvart år, fell migrantane «utenfor systemer for ivaretakelse og oppfølging. Sudan er ett av flere opprinnelsesland for denne gruppen», melder UD-rapporten.

LES MEIR Betalar returavtalar med bistand

Identitet

I eit forsøk på å få returnert sudanarar utan lovleg opphald, inviterte juniorministeren med ansvaret for asyl og innvandring i regjeringa, statssekretær Theo Francken, sudanske styresmakter til Belgia for identifisere eigne borgarar som oppheldt seg i landet utan å søkje asyl:

«Dette skapte sterke reaksjoner fra opposisjonspolitikere og sivilsamfunn. Francken forsvarte beslutningen med å vise til at dette er noe som har blitt gjort av flere europeiske land i samarbeid med andre afrikanske land. Siden august 2017 har et hundretalls sudanere blitt satt i lukkede mottak, og ti har blitt sendt tilbake til Sudan», opplyser ambassaderapporten.

Tortur

Så ved årsskiftet, eksploderte retursaka i belgisk media. Det kom fram at seks av dei ti heimsendte sudanarane skal ha blitt avhøyrt og torturert ved retur til heimlandet: «Flere av disse skal ha vært i kontakt med den delegasjonen fra Sudan som var i Brussel i september», skriv Norges ambassade.

Det var organisasjonen Tahrir Institute for Middle East Policy som opplyste om torturen etter at dei hadde hatt kontakt med dei tvangsreturnerte.

Inntrykk

Torturopplysningane fekk statsminister Charles Michel til å reagere skarpt. Han beordra gransking, og han gav orde om å stoppe tvangsreturane til Sudan, ut januar. Statssekretær Francken reagerte med å kalle avgjerda til statsministeren for «absurd». For det var ikkje planlagt nye heimsendingar i januar.

Francken måtte be sjefen om orsaking. Men dagen etter kom det fram at utlendingsstyresmaktene hadde planlagt ei ny heimsending, noko statssekretæren nekta å ha hatt kjennskap til. UD-rapporten melder at denne tvangsreturen blei stoppa: «Francken understreker samtidig at det er nødvendig å unngå «å gi et falskt inntrykk om at sudanere ikke kommer til å bli sendt tilbake».

Press

Statssekretærens oppførsel har provosert opposisjonen, som har kravd at han går av – og provosert opinionen og menneskerettsorganisasjonar, som har kravd at han går av. Men statsminister Michel vil ikkje kaste statssekretæren. Han er redd den skjøre regjeringa, som det tok fem månader å skipe, skal smuldre opp. I oktober er det på nytt val.

Theo Francken representerer det flamske separatistpartiet N-VA som blei størst ved valet i 2014. Statsministeren kjem frå Mouvement Réformateur, eit fransktalande liberalt parti. Dei to siste partia i koalisjonen er også flamske.

Norges diplomatar i Brussel ser det slik: «Statsminister Michel har så langt lykkes godt med å lede regjeringen med en kombinasjon av diplomati, kløkt og tålmodighet. Inntrykket er at regjeringspartiene ser seg tjent med å holde koalisjonen samlet og gå til valgkamp fra posisjon. Denne aktuelle saken illustrerer samtidig at N-VA kommer til å fortsette å skape utfordringer for samarbeidet ved å bruke sin styrkeposisjon fram mot valgene.»

LES MEIR Listhaug vil skremme vekk asylsøkere med film

Prov

I februar kom Sudan-rapporten frå det uavhengige kontrollorganet Generalkommissæren for flyktningar og statslause personar. Granskingsrapporten fann ikkje haldepunkt for at meldingane om tortur var sanne, kunne statsministeren opplyse på ein pressekonferanse.

Generalkommissæren konkluderte med at Belgia kan starte opp att med tvangsreturane, men på eitt viktig vilkår: Ein må verkeleg forsikre seg om at dei ein sender tilbake ikkje blir utsette for tortur, altså brot på artikkel 3 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (sjå faktaboks). Generalkommissæren understrekar at kravet må gjelde for både asylsøkjarar med avslag og illegale immigrantar, som skal returnerast til Sudan.

Frå regjeringskjelder i Brussel får Vårt Land opplyst at sudanarar utan lovleg opphald i Belgia blei tvangsreturnerte sist veke.

Tvang

Belgia er ikkje åleine om å tvangsreturnere sudanske borgarar. I fjor uttransporterte Politiets utlendingseining (PU) 21 sudanarar til heimlandet. 20 hadde fått endeleg avslag på asylsøknadane og 1 var bortvist.

Norge har per i dag returavtalar med 30 land. Men Solberg-regjeringa ønskjer fleire. Difor reiste innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) til Aust-Afrika i januar. Første stopp var Sudan. Politisk rådgjevar Espen Teigen (Frp) fortalte Vårt Land at på møtet med innanriksminister Hamid Manan tok Listhaug opp spørsmålet om «retur av personar utan lovleg opphald i Norge».

Utlendingsdirektoratets (UDI) oversikt for 2017 viser at 55 sudanarar søkte asyl i Norge. 15 fekk asyl og åtte opphald på anna grunnlag. Sju fekk avslag og 21 blei sendt vidare til landet dei første blei registrerte. Dei sju, som framleis bur på mottak, har fått beskjed om å reise heim til Sudan.

Internflukt

I vegleiaren Asylpraksis Sudan seier UDI at «det kan foreligge risiko for forfølgelse ved retur til Sudan for personer med ikke-arabisk etnisk bakgrunn fra Darfur, men vi mener at det i utgangspunktet ikke foreligger en risiko knyttet til etnisk bakgrunn alene. UDI mener videre at søkeren med ikke-arabisk etnisk bakgrunn fra Darfur kan ha et trygt, tilgjengelig og rimelig internfluktalternativ i andre deler av Sudan, deriblant Khartoum.»

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter