Nyheter

– Sender soldatar utan politisk debatt

Norges militære oppdrag utanlands har endra karakter, frå fredsoppdrag til krig, og frå store styrkar til små spesialavdelingar. Regjeringa har sendt elitesoldatar i terrorherja Niger.

– Ei anna endring er også synleg, og denne er problematisk, seier forskingsprofessor ved Prio, Kristian Berg Harpviken, ein røynd forskar på området norsk utanrikspolitikk.

– Tidlegare hadde vi offentlege politiske debattar når det blei reist spørsmål om norsk militær deltaking i operasjonar utanlands, som når vi skulle delta i operasjonane på Balkan på 90-talet, eller i invasjonen av Irak i 2003. No rår hemmeleghaldet. Det skaper eit betydeleg problem, meiner Harpviken.

– Korleis?

– Når vi sender spesialsoldatar til Irak, Jordan og Niger, utan politisk debatt om deltakinga, tek politikarane ein risiko, for oppdraga er ikkje godt forankra. Kva om norske soldatar brått døyr på oppdrag i desse landa? Då vil folk lure; kva gjorde vi der, kvifor var vi der?

LES MEIR Sier Stortinget er informert om Niger-oppdraget

Krigar

I vår er det 40 år sidan Norge sende ein fredsbevarande styrke til Libanon. Vi stod i Libanon i 20 år før Bondevik I henta blåhjelmane heim. Totalt deltok 22.000 nordmenn.

Neste store utanlandsoppdrag var av ein helt annan karakter. Frå 2002 til 2014 hadde vi drygt 9.000 soldatar i Afghanistan. I perioden 2004-2012 hadde norske styrkar hadde ansvaret for provinsen Faryab.

Innan Norge pakka saman i Afghanistan, deltok vi i luftkrigen i Libya i 2011. Opprørarar klarte, med luftstøtte frå Norge og andre NATO-land, å styrte diktator Muammar Gaddafis 40 år lange regime, og leggje statsadministrasjonen i grus.

Nettverket

– Krigen mot terror forklarar kvifor Norge gjekk vekk frå fredbevarande FN-oppdrag til å etterkome USAs og NATOs ønskje om å delta i heilt andre typar operasjonar, forklarar Harpviken.

Etter terroråtaka i USA i 2001 varsla landets president George W. Bush at krigen mot terror var innleia. USA sendte massive styrkar til Afghanistan for å nedkjempe terrorrørsler, NATO og Norge kom etter.

– Fordi det er viktig for Norge å pleie nettverket, USA og nære allierte, valde Norge å vere aktive i Afghanistan, seier Harpviken.

Spesialsoldatar

Afghanistan-oppdraget, som var i regi av NATO, blei Norges siste store militære utanlandsoppdrag. Solberg-regjeringa har valt å takke ja til invitasjonar om å delta i langt mindre, men spissare operasjonar. For tida har vi soldatar i to land i Midtausten:

• Irak: Rundt 60 soldatar frå Telemark bataljon er stasjonert vest i Irak. Dei trener og vegleiar irakiske styrkar: «Styrkene er i utgangspunktet tilbaketrukne, men har deltatt i kamphandlinger», sa forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen då han nyleg la fram Forsvarets årsrapport. Samstundes frigav Forsvaret ein video frå september i fjor: Norske soldatar skyt det som skal vere ein sjølvmordsbombar frå terrorgruppa IS. Til VG seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen at videoen viser «(...) at våre styrker er i krig.»

• Jordan: Rundt 60 spesialsoldatar opererer i landet. Dei trenar, vegleiar og støttar væpna syriske opprørarar. Spesialsoldatane har mandat til å gå inn i Syria, om naudsynt.

Merksemd

I skuggen av Syria-krigen har Solberg-regjeringa sendt ei anna gruppe spesialsoldatar til eit land langt frå Norge. Torsdag starta den årlege anti-terrorøvinga Flintlock, som i år er lagt til landa ­Niger, Burkina Faso og ­Senegal, og varer fram til fredag.

Flintlock er organisert av Africom, USAs Afrika-kommando, og her deltek utvalde spesialstyrkar frå afrikanske land, og det USA kallar «vestlege partnarnasjonar». Blant dei finn vi Norge.

Lenge heldt Forsvarsdepartementet korta tett til brystet når Vårt Land spurde om den norske deltakinga. Africom var opne om at Norge skulle delta i år, og vi hadde delteke tidlegare, men forsvarsminister Bakke-Jensens departement ønskte minst mogleg merksemd rundt Norges deltaking.

Hemmeleg

Så, midt i mars sendte Forsvarsdepartementet (FD) ut ei pressemelding: «I 2018 vil Forsvaret delta med et mindre og tidsavgrenset bidrag til kapasitetsbygging av regionale sikkerhetsstyrker i Niger». FD seier at «Forsvarets spesialstyrker vil være en del av det norske bidraget» - 40 soldatar i talet.

Før Niger-operasjonen blei offentleg kjent hadde Bakke-­Jensen orientert den utvida utanriks- og ­forsvarskomiteen på ­Stortinget. Berre SV og Raudt seier nei til å sende soldatar til det vestafrikanske landet.

– Kvifor er norske soldatar i Niger, Harpviken?

– Vi har fått så lite informasjon at eg vil seie «veit ikkje», seier Prio-forskaren. Men han trur mykje kan forklarast med at USA ønskjer norsk deltaking i noko som er viktig for USA, og for å pleie nettverket stiller Solberg-regjeringa opp med spesialsoldatar.

LES MEIR Norskmerka soldat på militærøving i Niger

Terror

I ein landrapport om Niger, frå Norges ambassade i Nigeria, melder norske diplomatar at «Niger er pressa frå både indre og ytre hald frå ulike terroristgrupper som opererer i Sahel og området kring Tsjad-sjøen».

Rett før påske small det i Nigers søraustlege hjørne. Fem sivile mista livet då terroristar frå islamistgruppa Boko Haram raida ein marknad i byen Toumour, melder nyhendebyrået AFP. I januar blei sju nigerske soldatar drepne i eit anna Boko Haram-angrep i Toumour.

Mens Utanriksdepartementet melder at «risikoen for terrorhandlinger er moderat til høy» i Niger, seier Storbritannias UD at akkurat som i Mali, Elfenbeinskysten og Burkina Faso angrip terroristgrupper i Niger hotell, kafear og restaurantar som blir brukte av utlendingar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter