Nyheter

Satsar livet over farleg kanal

Langs to båtruter vågar immigrantar no livet. Over Gibraltarstredet – og over den engelske kanal. Særleg iranarar vil til Storbritannia. Sjekk rutene i kartet.

Lysta etter eit liv i Europa er sterk. Svært sterk.

Difor vågar store grupper livet, dei stig ombord i gummibåtar som vonleg skal ta dei til det gode livet på den andre sida.

Etter at rutene Tyrkia-Hellas og Libya-Italia på det næraste­ er stengde, har Spania segla opp som den destinasjonen flest ­prøver å nå. Med gummibåt.

I det året ebbar ut har Spania fått drygt 55.000 sjøvegen frå Nord-Afrika, i hovudsak Marokko, melder IOM, Den internasjonale organisasjonen for migrasjon. Langt frå alle klarar ferda over Gibraltarstredet. IOM har bokført 743 døde hittil i år.

LES MEIR: Grensesprengande bøn

Farleg

Lenger nord i Europa er endå ei ny sjørute opna, av migrantar og flyktningar. Denne går over den engelske kanalen, som er smalast mellom Calais i Frankrike og Dover i Storbritannia.

– Kanalen ser smal ut, men det er framleis 30 kilometer til den andre sida, seier ordførar Bernard Bracq i Wissant utanfor Calais til nyhendebyrået AFP.

Men om avstanden berre er tre mil, er strekninga svært farleg, om ein vågar seg ut i gummibåt: Kanalen er ein av verdas travlaste skipsleier, straumtilhøva er lumske og veret på denne årstida er dårleg.

Redda

Sidan byrjinga av ­november har politiet og kystvakta på den engelske søraustkysten plukka opp vel 120 menn, kvinner og barn som har stua seg saman i opne gummibåtar. Dei siste seks kom politiet i Kent over etter at dei hadde kome seg i land i Storbritannia. Dei andre er plukka opp ute i kanalen.

På den franske sida, i Calais, finn politiet stadig oftare gummibåtar som er gøymde langs kanalkysten.

Visum

Forklaringa på at eit stigande tal iranarar prøver å ta seg inn i Storbritannia sjøvegen ligg i ein avtale Iran og Serbia gjorde i august i fjor: Serbia let iranarar få reise fritt inn i landet, visumkravet blei oppheva. Motivasjonen var enkel: Serbia ønskte å få opp talet på turistar frå Iran med ei direkte flyrute mellom Teheran og Beograd.

Iranarane var ikkje vanskelege å be. Problemet var bere at mange let vere å reise attende til Iran. Til slutt sa Serbia stopp, og gjeninnførte i oktober visumkravet. Serbisk politi meiner at så mange som 12.000 iranarar blei verande. Serbias turistdepartement opplyser at nesten 13.000 iranarar kom til landet i perioden januar-juli.

Det er truleg personar frå ­denne gruppa som no prøver å ta seg inn i Storbritannia, etter at menneskesmuglarar har frakta dei frå Balkan til vestlege Frankrike, melder britiske medier.

Rikare

Info Park, eit hjelpesenter for flyktningar i ­Serbias hovudstad Beograd, fortel at iranarane i byen er synlege; dei ser ikkje ut som dei andre flyktningane og migrantane som ­prøver å ta seg nordover i Europa.

– Dei ser meir ut som turistar, meiner Gordan Paunovic i Info Park til BBC.

Medan dei andre flyktningane som har stoppa i Beograd, ­syrarar, irakarar, afghanarar og ­pakistanarar, prøvar å finne husly i nedlagde bygg, bur iranarane ofte på hostell og hotell.

– Dei deler ikkje lagnaden til vanlege flyktningar og migrantar som opplever harde tider på Balkan, seier Paunovic.

LES MEIR: Italia skal stoppe migrantar i Vest-Afrika

Exodus

Ved utgangen av ­november hadde 119 iranarar søkt asyl i Norge, opplyser ­Utlendingsdirektoratet (UDI).

Heilt sidan den islamske revolusjonen i 1979 har iranarar søkt ut i hopetal for å finne betre land å bu i. Mellom 150.000 og 200.000 iranarar forlet heimlandet årleg. I Storbritannia toppar iranarar oversikten over asylsøkjarar, nesten kvar tiande var ein iranar i fjor, melder BBC.

I Frankrike ser hjelpeorganisasjonar det same som Info Park i Beograd:

Iranarane som kjem til kysten for å ta seg over kanalen har pengar. Dei kjøper gummibåtar og påhengsmotorar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter