Nyheter

Samvitsutval stiller opp for spiralnektar

Som fastlege er det lov å vere ukunnig om ei kvinne ber om spiral. Men fastlegar får ikkje seie nei til å setje inn spiral av samvitsgrunnar.

Urimeleg forskjellsbehandling, seier Samvitsutvalet, som nyleg leverte sin rapport til arbeidsminister Anniken Hauglie (H).

– Utvalsrapporten er ei glimrande støtte for Katarzyna Jachimowicz og alle legar som opplever at samvit ikkje er ein godkjent reservasjonsgrunn. Rapporten blir difor svært viktig i rettssaka som kjem i januar, seier generalsekretær Magnar Kleiven i Norges kristelige legeforening (NKLF).

LES MEIR Katolikkar støttar lege

Reservasjon

Samvitsutvalet blei fødd i strid i 2014. KrF-leiar Knut Arild Hareide gav slepp på KrF-kravet om reservasjonsrett for fastlegar, mot at helseminister Bent Høie (H) sette ned eit utval som skulle utgreie samvitsfridom.

I byrjinga av september kom rapporten. Det bør ikkje bli innført strengare loveregulering for gje arbeidstakarar høve til å reservere seg frå ulike arbeidsoppgåver av samvitsomsyn, konkluderte Samvitsutvalet, som blei leia av professor Bjørn Kåre Myskja.

Abort

Men rapporten løftar fram ein fastlege som dei meiner er behandla «urimeleg».

Katarzyna Jachimowicz var fastlege i Telemarks-kommunen Sauherad fram til i fjor. Då blei ho sagt opp. Jachimowicz vil ikkje setje inn prevensjonsmiddelet spiral på kvinner. Den polske legen, som er katolikk, seier spiral kan føre til abort på eit tidlig stadium i fosterutviklinga.

LES OGSÅ: Råder NAV til å ta hensyn til arbeidslediges tro

Samvit

Jachimowicz nektar å godta oppseiinga, og har stemna Sauherad kommune. I juni melde Vårt Land at ho har samla inn nok pengar slik at domstolen kan avgjere om ho blei ulovleg sagt opp. I rettssaka vil legen hevde Sauherad kommune bryt artikkel 9 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen:

«Enhver har rett til tankefrihet, samvittighetsfrihet og religionsfrihet; denne rett omfatter frihet til å skifte sin religion eller overbevisning, og frihet til enten alene eller sammen med andre og såvel offentlig som privat å gi uttrykk for sin religion eller overbevisning, ved tilbedelse, undervisning, praksis og etterlevelse.»

«Frihet til å gi uttrykk for sin religion eller overbevisning skal bare bli undergitt slike begrensninger som er foreskrevet ved lov og er nødvendige i et demokratisk samfunn av hensyn til den offentlige trygghet.»

Jachimowicz blei sagt opp etter at kommunen hadde fått brev frå Helsetilsynet, som slo fast at reservasjon mot spiralinnsetjing er i strid med fastlegeforskrifta.

LES OGSÅ: På dette sykehuset vil ingen omskjære guttebarn

Godtek

Samvitsutvalet peikar på at fastlegar kan seie at dei ikkje set inn spiral fordi dei ikkje kan, for så vise kvinner vidare til kollegaer:

«Helfos statistikk for 2012 indikerer at 3263 av landets ca. 4500 fastleger – ca. tre fjerdedeler – hadde satt inn spiral i løpet av året. Det synes altså å være et mindretall fastleger som ikke selv setter inn spiral, men som overlater oppgaven til kollegaer (eventuelt på fellesliste) eller henviser til gynekolog», skriv utvalet.

Og det er heilt greitt, seier Helsedirektoratet i eit skriv frå 2015. I informasjonsbrevet som er sendt fastlegar står det: «Dersom du selv ikke har kompetanse i innsetting av spiral eller implantat, er det viktig å vise kvinnen videre til helsepersonell som kan gjøre dette.»

«Urimelig»

Samvitsutvalet likar ikkje forskjellsbehandlinga som dei har avdekt:

«Dermed synes manglende praktisk kyndighet å være en akseptert begrunnelse for å overlate innsetting av spiral til kollegaer, uten at dette har vært problematisert. I lys av dette kan det synes urimelig at samvittighetsgrunner ikke på samme måte kan begrunne at legen kan overlate denne oppgaven til en kollega.»

Kleiven i NKLF vonar domstolen slår fast at fastlegeforskrifta må bli endra:

– Fastlegar må få høve til å reservere seg av samvitsgrunnar.

LES MEIR Saksøkjer kommune

Debatt

Arbeidsminister Hauglie er i haust lite lysten på nye reservasjonsrundar:

– Når det gjeld reservasjonsretten for fastlegar så er den debatten ferdig. Eg trur ingen av dei som var ein del av den debatten har eit ønskje om å ta han opp att, så eg opplever at han er død, sa ho under overleveringa av rapporten frå Samvitsutvalet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter