Nyheter

Samfunnsdebattant kritiserer hets-tiltale

Maryam Trine Skogen hadde gjerne sett at hetsen mot henne var del av rettssak.

Onsdag er rettssaka mot islamisten Mohyeldeen Mohammad over i Borgarting lagmannsrett. I november blei han dømt til to år og seks månader i fengsel for truslar mot stortingsrepresentant Abid Raja (V), men dommen blei anka.

Mohammad sende i 2016 ei rekkje sms-ar til Raja der Venstre-politikaren blei omtalt som eit svin, ein hund og at han måtte brenne i helvete. Tekstmeldingane blei følgt opp med ein video på youtube der Mohammad gjekk til åtak på Raja og kalla ham ein fråfallen muslim på grunn av hans ståstad i debatten om bruk av hijab og nikab offentleg i Norge.

Allah ville gje Raja «uhelbredelig sykdom, engstelighet, trengsel, fattigdom, et smertefullt og ynkelig liv før døden», sa Mohammad. Men i retten har han presisert at han aldri trua Raja.

LES MEIR:

Truslar

Statsadvokat Frederik G. Ranke, som er aktor i rettssaka, fortel at Mohyeldeen Mohammad er tiltalt etter paragraf 115 i den nye straffeloven. Paragrafen omhandlar «angrep på de høyeste statsorganenes virksomhet», som mellom anna femner Stortinget og dei folkevalgte. Øvre strafferamme er ti års fengsel.

– Kunne han vore tiltalt etter straffelovens paragraf 185, om hatefulle ytringar?

– I og for seg kunne han det, men fordi truslane blei retta mot ein stortingsrepresentant, blei 115 lagt til grunn, seier Ranke.

Han er statsadvokat ved Det nasjonale statsadvokatembetet for bekjempelse av organisert og annen alvorlig kriminalitet.

Rettsvern

Samfunnsdebattant Maryam Trine Skogen har følgt rettsrundane med interesse, og opplever seg oversett av påtalemakta, for, som ho fortel Vårt Land, «Mohammads hatkrim ramma også meg»:

«Sjikanen ble rettet mot stortingsrepresentant Abid Raja OG undertegnede», skriv ho på eiga Facebook-side, og held fram: «Dette sier noe om sivile samfunnsdebattanters rettsvern.

Skogen opplyser at PST kalla henne inn til ein samtale om sms-ane og videoen, men at ho etter møtet ikkje høyrde noko meir frå tryggingspolitiet

Trua

– Burde tiltalen mot Mohyeldeen Mohammad også ha romma truslane mot deg?

– Ja, for samstundes som Mohammad sende Abid Raja sms-ar, sende han liknande meldingar til meg også, og i videoen der han går til åtak på Raja, går han også til åtak på meg, fortel Skogen.

– Brukte han ditt namn i videoen?

– Han brukte mitt aller første bloggnamn, og meldingane var tydeleg mynta på meg som samfunnsdebattant.

Statsadvokat Frederik G. Ranke opplyser at truslane mot Skogen ikkje blei ein tiltalen då ho ikkje ønskte å melde saka til politiet, og at ho ikkje kjende seg like trua som Raja.

LES MEIR: Varslar vegleiar for hatkrim

Problem

Same dag som ankesaka starta, sende riksadvokat Tor-Aksel Busch ut det årlege rundskrivet til påtalemakta. Her seier han at det er særleg viktig å trygge demokratiets kår i Norge: «Hatefulle og truende ytringer rettet mot politikere og andre samfunnsdebattanter fremstår som et økende problem. Det kan i ytterste konsekvens true demokratiet ved at personer trekker seg fra politiske verv eller velger ikke å delta i samfunnsdebatten», skriv Busch.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter