Nyheter

Ryddar vekk spor av fascisme

Gateskilt blir skrudde ned. Suvenirar blir forbodne. Fotballfans blir sendt til dødsleirar. Fascistvenleg konge blir nekta æresgrav. Italia prøver seg med politisk reingjering.

Virginia Raggi driv valkamp. For protestpartiet som er grunnlagt av ein komikar, Femstjernersrørsla (M5S). Men Romas første kvinnelege borgarmeister har bestemt seg for å ta eit alvorleg oppgjer med arv frå fascismen.

Ho skal skru ned skilt. Ho skal fjerne gammal heider. Ho vil gjere noko hennar politiske forgjengarar har styrt unna.

Roma, understrekar Raggi, er anti-fascistisk.

LES MEIR Italia skal stoppe migrantar i Niger

Rein rase

I år er det 80 år sidan Manifesto della razza blei publisert. 14. juli 1938 publiserte 42 vitskapsmenn eit rasemanifest som sa at den italienske sivilisasjonen var av arisk opphav, og at det difor eksisterte ein rein italiensk rase. Og for å halde rasen rein, måtte jødane lukast vekk.

Rasemanifestet bana vegen for ei rad raselover som blei klubba i parlamentet hausten 1938, og som alle hadde éi målgruppe: Italias jødar.

Dei fekk ikkje arbeide i statsadministrasjonen, bankar, utdanningsinstitusjonar, underhaldning – og blei nekta å praktisere som advokatar. Dei blei også stengt ute frå alle utdanningsinstitusjonar, dei fekk ikkje gjere teneste i forsvaret og dei blei nekta å gifte seg med ikkje-jødar.

Til sist gjorde ei særskilt jødisk folketeljing i 1938 det lettare å pågripe jødar i åra som kom.

Inn i parlamentet

Fram til 1938 var anti-semittismen lite synleg i Italia. Landets 44.000 jødar var godt integrerte i ei befolkning som talde 44 millionar. Men Manifesto della razza viste at Adolf Hitlers raseideologi hadde fått fotfeste i Benito Mussolinis Italia.

80 år seinare ryddar borgarmeister Virginia Raggi vekk dei som signerte manifestet. Difor skal gatene Via Edoardo Zavattari og Via Arturo Donaggio få nye namn. Bort skal fascisten og zoologen Zavattari. Vekk skal fascisten og psykiateren Donaggio.

Roma, understrekar Raggi, er anti-fascistisk. Difor skal gatene ha fått nye namn innan året er omme, fortel ho til nyhendebyrået Ansa.

– Eg trur heilt andre tiltak må til, dette blir for symbolpolitikk å rekne.

Forskaren Elisabetta Cassina Wolff er skeptisk til Raggis omskilting, førsteamanuensisen følgjer Italias politiske utvikling nøye, og meiner meir djuptgripande tiltak må takast i bruk.

– For no marsjerer både gamle og nye fascistar i gatene, og det er særleg grunn til bekymring over dei mange unge som sluttar opp om neofascistiske parti, som har ein reell sjanse til å få plass i parlamentet etter valet, seier Wolff, som arbeider ved Universitetet i Oslo.

– Kva skal til?

– Vi kan til dømes bruke historietimane i skuleverket til å undervise om alle sidene ved fascismen; at han ikkje oppstod av seg sjølv og at han levde vidare i Italia etter 1945. Og lever i dag.

LES MEIR Færre flyktninger, doblet dødsrisiko

Suvenirforbod

Vårt Land står på Piazza di Monte Citorio, midt i Roma. Midt i mot ligg Palazzo Montecitorio, som husar parlamentets underhus. Akkurat som borgarmeisteren ønskjer Camera dei deputati å rydde vekk spor av Mussolinis fascist-Italia. Dei vil forby produksjon og sal av fascistisk propaganda.

Diktatoren Mussolini blei avretta i 1945, men forsvann ikkje. I Italia kan du få kjøpe t-skjorter, kalendrar, nøkkelringar, statuar, plakatar og vin som alle er pryda med fascismens far.

Loven som skulle rydde vekk alt dette stoppa i parlamentets overhus, for det blei lyst ut nasjonalforsamlingsval 4. mars. Sluttbehandlinga i Senato della Repubblica må vente til etter valet.

– Denne loven vil ha liten effekt, meiner Wolff.

– For vi har allereie lover som forbyr det politikarane vil forby. Men dei blir ikkje brukte.

Kom tilbake

Som ein skjebnens ironi dukka han opp att no i februar, Benito Mussolini. Over alt i Roma heng plakatane for filmen Sono Tornato - eller: Eg er tilbake: Mussolini dukkar brått opp på Piazza Vittorio Emanuele II, i uniform og ikkje ein dag eldre enn då han døydde i 1945. I filmen finn han eit Italia som strir med ei rad politisk problem. Som rasisme.

I Sono Tornato prøver Mussolini å starte der han slutta i det reelle livet. Å gjenerobre Italia.

Fascistkongen

Han som også mista Italia, kom nyleg tilbake frå eksil. Kong Vittorio Emanuele III helsa i 1922 Benito Mussolini og maktovertakinga til fascistane velkomen. Han kleba seg så sterkt til fascismen at han reiste i eksil i 1946, til Egypt, då monarkiet blei erstatta med republikk.

I desember kom eks-kongen tilbake til Italia, saman med kona Elena. I kvar si kiste. Den gamle italienske kongefamilien, fyrstehuset Savoy, ytra ønskje om at Vittorio Emanuele III burde bli gravlagt i Pantheon i Roma, der faren og bestefaren ligg.

Styresmaktene sa blankt nei. Monarken som lefla med fascismen får nådigast liggje i familiemausoleet i Vicoforte.

Til Auschwitz

Vårt Land står utanfor Tempio Maggiore di Roma. Storsynagogen i Italias hovudstad. Rundt bygget går eit smijernsgjerde. Rundt gjerdet går vektarar og politi.

Her skal muren gå, sa pave Paul IV 14. juli 1555 og slo ein sirkel rundt området ved breidda av Tibern som husa byens jødar. Romas jødiske getto stod heilt fram til 1870. Gettoen blei faktisk «oppfunnen» i Italia. I Venezia i 1516.

Ein haustdag i fjor kom ein audmjuk fotballpresident hit og ba Italias jødar om orsaking. Claudio Lotito er president i Lazio, eliteserieklubben frå Roma som også var Benito Mussolinis favorittlag. Lotito kom til synagogen med ein blomekrans og band i Lazios fargar. Han ba om orsaking for framferda til eigne fans som hadde trykt opp bilete av Holocaust-offeret Anne Frank ikledd ein drakt frå rivalen Roma, og delt dei ut på stadionet klubbane deler.

Lazio-sjefen la også fram eit særmerkt utdanningsprogram i regi av klubben. Kvart år framover skal Lazio ta med seg 200 fans og reise til dødsleiren Auschwitz.

For å lære.

Hovudstadsklubbens harde kjerne er kjent for sine anti-semittiske haldningar. Dei har heist banner på stadion med tekstar som «Auschwitz er dykkar heimland. Omnane er dykkar heimar».

Nyleg fekk Lazio ei bot på drygt 500.000 kroner frå det italienske fotballforbundet for Anne Frank-hetsen.

Hyllar vald

Elisabetta Cassina Wolff er bekymra, for ho ser konsekvensane av at Italia aldri gjennomførte eit oppgjer med fascismen i 1945, slik Tyskland gjorde med nazismen.

– Folk måtte ikkje stå til ansvar for handlingar i åra 1922-1945. Tankegods blei vidareført i den første republikken.

– Kva ser du?

– Eg ser at intoleransen veks, det same gjer rasismen. Folk som grip til vald, blir hylla, som han som skaut på innvandrar i Macerata.

2. februar skaut og såra ein høgreekstremist seks afrikanske menn i byen Macerata. Han var motivert av rasehat, seier innanriksminister Marco Minniti:

– Åtaket skjedde som del av ein høgreekstremistisk kultur med klare referansar til fascisme og nazisme.

Då politiet arresterte mannen, var han sveipt i eit italiensk flagg. «Lenge leve Italia» ropte han – og heva høgrearmen, akkurat som Benito Mussolini.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter