Nyhet

På høgre skulder på draktene skal reklamebodskapen stå, «Visit Rwanda» - og på reklameskilt på Arsenals heimebane. Den engelske toppklubben får godt betalt, 350 millonar kroner.

Sidan sponsoravtala vart offentleggjort i mai, har britiske og nederlandske politikarar klaga over det er uansvarleg bruk av bistandspengar å støtte ein fotballklubb i England. Verdsbanken opplyser at bistand frå utlandet har utgjort mellom 30 og 40 prosent av statsbudsjetta til Rwanda.

«Ikkje bistand»

Utgiftene til denne kampanjen kjem frå andre kjelder enn bistand frå utlandet, ifølgje Claire Akamanzi, som er direktør i Rwandas utviklingsråd.