Rwanda får kritikk for turistreklame

Ein reklamekampanje for turisme i Rwanda, skal sponse fotballklubben Arsenal. Det bistandsavhengige landet får kritikk for prioriteringa.

Utviklingsrådet i Rwanda vil at verda skal besøke landet sine nasjonalparkar, og legge att pengar på fjellgorilla-safari.
Publisert Sist oppdatert

På høgre skulder på draktene skal reklamebodskapen stå, «Visit Rwanda» - og på reklameskilt på Arsenals heimebane. Den engelske toppklubben får godt betalt, 350 millonar kroner.

Sidan sponsoravtala vart offentleggjort i mai, har britiske og nederlandske politikarar klaga over det er uansvarleg bruk av bistandspengar å støtte ein fotballklubb i England. Verdsbanken opplyser at bistand frå utlandet har utgjort mellom 30 og 40 prosent av statsbudsjetta til Rwanda.

«Ikkje bistand»

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP