Nyheter

Ropar varsko om asylhelse

Kommuneoverlegar avdekkjer at sjuke asylsøkjarar med endeleg avslag får mangelfull behandling i helsevesenet.

– Dette handlar om sømd. Vi er ikkje usamde i avgjerdene til utlendingsforvaltninga, vi berre ber om at folk som er sjuke må få eit minstemål av medisinsk behandling, slik at dei ikkje blir sjukare medan dei ventar, seier Barbro Kvaal til Vårt Land.

Ho er kommuneoverlege i Trøgstad kommune. Saman med seks andre kommuneoverlegar i Østfold har Kvaal skrive eit varselbrev til helsestyresmaktene.

Flyttar folk

Stadig færre søkjer vern i Norge. Dermed må Utlendingsdirektoratet (UDI) leggje ned mange asylmottak, og samle dei få som framleis bur der på andre mottak. Det betyr flytting.

På det meste vinteren 2015-2016 hadde UDI rundt 39.000 mottaks- og akuttplassar. No er ein nede på drygt 5.000 plassar.

LES OGSÅ: SV ber autist få lokal avtale

Etiske reglar

Dei sju kommuneoverlegane i Østfold, som alle er øvste helsefaglege leiarar i kvar sin kommune, likar ikkje det dei ser i møte med menneske som har fått endeleg avslag på asylsøknaden, og som ofte lir av kroniske sjukdommar.

Dei har samla seg i eit brev til fylkeslegen i Østfold, som er ein del av Fylkesmannen i Østfold. Her skriv dei at dagens regelverk er til hinder for å følgje etiske reglar for legar, og difor ber dei om fylkeslegens «faglige og legeetiske vurdering av denne problemstillingen».

Overlegane er særleg opptekne av «beboere som ikke kan returneres eller ikke er returnerbare» og som blir «flyttet til de asylmottak som er åpne».

Sendt vidare

Fylkesmannen i Østfold skriv i eit brev at dei ikkje finn det rett å handtere varselet, men sender saka vidare til Helsedirektoratet «som forvalter det aktuelle regelverket».

Helsedirektoratet på si side opplyser i eit brev at ein «vil ta saken opp med Helse- og omsorgsdepartementet».

Budd lenge

Samlokalisering av asylsøkjarar med endeleg avslag – og som ikkje kan eller vil reise frå Norge – har ført til vekst i belegget på Hobøl statlege asylmottak i Østfold. «Flere av disse beboerne har bodd i Norge siden 2004», skriv overlegane.

– Vi veit alle helseproblem blir verre når livet er vanskeleg, seier Kvaal til Vårt Land.

I varselbrevet til fylkeslegen i Østfold listar dei opp problema dei støyter på som medisinske leiarar i kommunehelsetenesta:

Manglar pengar

• Personar med endeleg avslag har «kun rett til akutt helsehjelp i kommunen hvis det er helt nødvendig og ikke kan vente uten fare for nært forestående død, varig sterkt nedsatt funksjonstilstand, alvorlig skade eller sterke smerter.

• Dei har ikkje rett på fastlege eller medisin via blåreseptordninga.

• Det er ikkje mogleg å rekvirere medikament elektronisk til desse personane fordi dei ikkje har personnummer. UDI kan refundere medikament, men krev at dei først betalar sjølve og så ber om refusjon. Men dei manglar pengar, og når legemidla er dyrare enn det dei får utbetalt til livsopphald, så blir det uråd å kjøpe livsviktige legemiddel.

• Fleire er kronisk sjuke og treng hjelp og oppfølging. Men legen har ikkje høve til å rekvirere laboratorieprøver og få refusjon for desse, og pasientane har ikkje midlar til å betale laboratorieprøver privat.

• Legen kan ikkje sende regningskort på pasienten til Helfo, fordi pasienten ikkje har personnummer eller høyrer med i fastlegeordninga. Rekninga for laboratorieprøver blir difor sendt til den legen, som har bedt om dei.

• Asylsøkjarar utan lovleg opphald brukar legevakta, «selv om det ikke er akutt sykdom de trenger hjelp med, de opptar da tid og plass på legevakten for kommunens innbyggere, som virkelig er i behov av øyeblikkelig hjelp».

• Når pasientar blir for sjuke «innlegges de i sykehus og behandlingen som da må gis er både dyr og mer krevende. Etter et sykehusopphold vil det vanligvis være behov for oppfølging og kontroll dette vil denne gruppen pasienter ikke få og dette øker risiko for nye innleggelser».

Yte hjelp

Dei sju kommuneoverlegane skriv at det er «vanskelig å se på denne ordningen både som medmenneske og lege, fordi vi oppfordres av staten til å se på en menneskegruppe som mindreverdig». Dei påpeikar at dagens regelverk hindrar legar å yte hjelp til dei som treng det.

Kommuneoverlege Barbro Kvaal har tidlegare arbeidd i fengselsvesenet og har der behandla utanlandske domfelte som ikkje har lovleg opphald i Norge – på lik line med asylsøkjarar med endeleg avslag.

– Desse innsette, som manglar lovleg opphald, får den helsehjelpa dei treng. Det faktum at dei blir sendt ut etter avslutta soning gjer ikkje at dei får dårlegare helsehjelp enn andre innsette, forklarar Kvaal.

Hadde møte

Helseminister Bent Høie opplyser til Vårt Land at Helsedirektoratet presenterte problemstillingane frå overlegane for Helsedepartementet i eit møte 29. januar.

– Det blei i møtet ikkje konkludert endeleg om vidare oppfølging, seier Høie.

Oppe i Stortinget

Men han minnar om at «regelverket på dette området er klart og blei sist diskutert i Stortinget 13. juni der dagens reglar igjen fikk tilslutning» – sjå faktaboks.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter