Rømde frå sterk foreldrekontroll

I unikt prøveprosjekt samarbeider familievernet med politiet for å nærme seg kontrollerande foreldre.

Barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) møter ei ung kvinne som lever i løynd for familien. Ho rømde frå sterk sosial kontroll.
Publisert Sist oppdatert

– Du er tøff.

Solveig Horne har høyrt den unge kvinna fortelje kva ho måtte gjere til slutt; banke på hjå politiet og be om hjelp - hjelp til eit liv i fridom. Eit liv ho sjølv styrte.

Barne- og likestillingsministeren framsnakkar ofte familievernet, ein statleg etat med 42 kontor og 500 terapeutar spreidd over heile landet. No har Horne invitert seg sjølv til å møte ei av dei som ikkje kan stå fram og fortelje kvifor dei får hjelp av familievernet.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP