Nyheter

Røe Isaksen filleristar Aps privatskuleendring

Arbeidarpartiet vil gje kommunane ein slags vetorett mot etablering av privatskular. Det blir å setje urettferd i system, seier rektor og kunnskapsminister.

Sjå her, slik gjer du det. Brynhild Samuelsen hjelper Ingrid Skårland med nokre broderisting. På timeplanen står kunst og handverk. Samuelsen er rektor og Skårland er elev ved den private grunnskulen Tryggheim Strand i Rogaland.

Tryggheim Strand er ein kristen 10-årig grunnskule eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband. Han tok i mot dei første elevane i 2014. Vegen til oppstart var ikkje lett. Strand kommune sa tvert nei til at skulen skulle bli etablert. Kommunestyret hegna om den offentlege grunnskulen.

– Men Utdanningsdirektoratet sa heldigvis ja, fortel rektor Brynhild Samuelsen til Vårt Land.

LES MEIR Knuser ghettoskulemyte

Kommunar får vetorett

No vil Arbeidarpartiet leggje om privatskulepolitikken. I utkastet til nytt partiprogram, som blir lagt fram i dag, står det at partiet vil «Gi kommuner og fylkeskommuner mulighet til å styre omfanget av private skoler av hensyn til det totale skoletilbudet».

– Dette blir ein meir restriktiv heimel enn det vi hadde andsynes privatskulane då vi styrte, seier Trond Giske, leiar i Stortingets utdanningskomité og nestleiar i Ap, til Dagsavisen.

I dag må alle private skulebyggjarar søkje Utdanningsdirektoratet om lov til å etablere privatskular. Innan avgjerda fell, har involverte kommunar og fylkeskommunar uttalerett. Avslag kan ankast til Kunnskapsdepartementet.

Avvist i KrF

I KrF, som Arbeidarpartiet godblunkar politisk til, er utdanningspolitisk talsmann klar på at Aps forslag til endring av friskulelova må avvisast:

– Vetorett til kommunar og fylkeskommunar bryt med foreldreretten, som er nedfelt i menneskerettane. Foreldreretten seier at foreldre har rett og ansvar for å velje kva oppdraging og undervisnings barn skal få, seier stortingsrepresentant Anders Tyvand (KrF) til Vårt Land.

Kronekamp mellom offentlege og private

Trond Giske, som var statsråd i Jens Stoltenbergs (Ap) alle tre regjeringar – og utdanningsminister i den første, meiner for mange elevar no går på private grunnskular og private vidaregåande skular.

Konkret tyder forslaget frå programkomiteen i Ap at kommunane og fylkeskommunane skal få meir makt over utfallet når private skulebyggjarar ønskjer å etablere nye privatskular. For slik det er i dag, får offentlege skular problem når dei møter konkurranse frå private; det blir kamp om kronene, seier Giske.

Ønskjer likebehandling

På Tryggheim Strand rettar rektor Brynhild Samuelsen eit åtvarande peikefinger mot forslaget:

– Dette vil svekke valfridomen til foreldra, og det blir urettferd sett i system, seier ho.

Samuelsen meiner det vil bli store skilnader mellom kommunar. Nokre vil seie konsekvent nei, andre vil vere opne for privatskular.

– I dag sikrar behandlinga i Utdanningsdirektoratet, med høve til å anke avslag til Kunnskapsdepartementet, for at alle søknader blir behandla likt.

LES MEIR Nedlagte grendeskular blir privatskular

Ap tek venstresving

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) er hard mot Ap-forslaget:

– Det er oppsiktsvekkjande, og tyder på at Ap tek ein kraftig venstrevri. Forslaget bryt kraftig med friskuleforliket Ap inngjekk med KrF i 2005, så det er vanskeleg å forstå at det faktisk blir lagt fram, seier Røe Isaksen til Vårt Land.

Han er samd med rektor Samuelsen på Tryggheim Strand: – Dette er urettferd sett i system.

– Kvifor?

– Friskular er ikkje det same som å konkurranseutsette kommunale reinhaldstenester. Friskular skal sikre foreldre retten til å velje ein alternativ skule, tufta på religiøse eller visse pedagogiske prinsipp. Difor kan ein ikkje la tilfeldige kommunestyrefleirtal få avgjere søknader om friskuleetableringar.

– Kva vil forslaget til Ap innebere?

– Der Ap styrer, og er i fleirtal, ja, der vil det ikkje bli etablert friskular. Ein slik politikk bryt med likebehandlingsprinsippet som rår i dag, og som eg trudde Arbeidarpartiet støtta.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter