Nyheter

Riv hus i norskstøtta busetjing på Vestbreidda

Norske Israels-vener har støtta den ulovlege busetjinga Alonei Shilo på Vestbreidda med millionar. I fjor fekk busetjarane klar beskjed: Hus skal rivast. No er to vekke.

Solberg-regjeringa er som den førre Solberg-regejringa tydelege på kva Norge meiner om ­Israels framferd på Vestbreidda:­ «Israelske myndigheter er (...) godt kjent med Norges holdning til Israels okkupasjon, og at vi mener den israelske bosettingspolitikken er i strid med folke­retten», skreiv tidlegare utanriksminister Børge Brende (H) i eit brev til Stortinget i 2015.

Motstanden skræmer ikkje norske Israels-vener frå å samle inn store summar til nettopp ulovlege busetjingar på Vestbreidda.

LES MEIR Skal rivast

Ny leikestove

Seinast i november var styreleiar John Skåland i Karmel-instituttet i busetjinga dei har støtta med innsamla millionar i vel 20 år, Alonei Shilo, som ligg på den okkuperte Vestbreidda, rundt 90 kilometer nord for Jerusalem.

I Alonei Shilo var Skåland med på å opne det siste norskstøtta bygget, eit eige leikehus for dei yngste barna i busetjinga. Sidan starten har Karmel-Instituttet vore med å finansiere ei rekkje bygningar med innsamla kroner, 25 bustadbrakker, tre permanente hus, fleire skulebygg og eit halvt rådhus.

Pålegg: Riv

I mai 2016 melde Vårt Land at det var usikkert kor lenge Alonei Shilo får stå. ­Busetjinga er stempla ulovleg, og skal dermed vekk. Israelske styresmakter kom til landsbyen med eitt oppslag: Alle hus skal rivast.

Men busetjartalsmenn i Alonei Shilo kunne forsikre, i Karmel-instituttets informasjonsblad Karmel Israel-Nytt, at så ikkje ville skje.

Reiv to

No har det skjedd. To brakker er rivne. Men ingen av dei var reiste med norsk støtte, opplyser Avia Nevo til Karmel Israel-Nytt. Han er blant leiarane i Alonei Shilo.

– Styresmaktene bestemte at 30 brakker skal rivast, seks av dei i Alonei Shilo, opplyser Avia Nevo.

Pålegga om å rive hus i ulovleg bygde busetjingar kjem frå Israels høgsterett, og skaper fleire stader stor strid. For busetjarane nektar å etterkome krava.

I Alonei Shilo valde dei ein annan strategi, fortel Nevo:

– Vi forhandla med styresmaktene og blei samde om å rive to brakker. Vi ba om at vi sjølve måtte få rive dei. Dermed valde vi de eldste brakkene som det var minst bruk for. Slik sparte vi meir permanente hus i Alonei Shilo.

Éin million

Men samstundes som dei riv, byggjer busetjarane altså nytt. Leikestova blei reist med gåvekroner frå Norge.

Ein FN-resolusjon fatta 23. desember i 2016, blei startskotet til den siste innsamlinga til Karmel-Instituttet i Norge. For første gong sidan 1979 vedtok Tryggingsrådet i FN ein resolusjon som fordømte Israels busetjingspolitikk, og kravde full byggjestopp i dei ulovlege busetjingane på Vestbreidda, som Israel okkuperte under Seksdagarskrigen for 50 år sidan.

I mai i fjor var målet nådd. Ein solidaritetsmillion til busetjingar i Samaria - Karmel-Instituttet brukar ikkje ordet Vestbreidda.

LES MEIR Blei nekta skattefrie gåver

Krev stopp

Dei mange store pengegåvene frå norske Israels-vener til ulovlege busetjingar, provoserer Mellomkyrkjeleg Råd (MKR), «utanrikstenesta» til Den norske kyrkja. Regjeringa må handle, kravde rådet i fjor:

- Karmel-Instituttet støttar opp om Israels brot på folkeretten. Difor må pengegåvene bli stoppa, sa generalsekretær Berit Hagen Agøy i MKR til Vårt Land.

Angrip kristne

John Skåland, styreleiar i Karmel-Instituttet, gav svar på tiltale:

- Dette er komplett galskap. Her går Mellomkyrkjeleg Råd til angrep på kristne som står for noko, som trur på ei sak.

Like før jul sende MKR ut ei fråsegn der dei refsa Israels busetjingspolitikk: «(...) er i strid med internasjonal rett (...)og gjør at målet om en tostatsløsning virker stadig fjernere fra realitetene på bakken.»

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter