Ristar i måling av fattigdomskamp

Therese Johnsen refsar innsatsen mot barnefattigdom for å mangle samordna rapportering og resultatmåling. Ho har kontrollert politikarar i eit kvart århundre.

Våren 2015 la regjeringa og samarbeidspartia Venstre og KrF fram ein strategi for barn som lever i fattigdom. Sidan den gong har Norge fått over 20.000 fleire fattige - opp til over 100.000. Med på framlegginga var Venstre-leiar Trine Skei Grande, finansminister Siv Jensen (Frp), statsminister Erna Solberg (H), dåverande familieminister Solveig Horne (KrF) og dåverande KrF-leiar Knut Arild Hareide.
Publisert Sist oppdatert

– På dette feltet, barnefattigdom, er det mange aktørar, og lite samla rapportering. Stortinget får ikkje eit rett bilete av korleis det eigentleg står til, seier Therese Johnsen til Vårt Land, og legg til:

– Å berre pøse på med pengar er kanskje ikkje det rette.

I nesten 25 år har ho vore ein del av toppleiinga i Riksrevisjonen. Johnsen har saman med skarpskodde revisorar granska samanhengen mellom politiske vedtak i Stortinget, gjennomføringa på ulike nivå i offentleg sektor og kva sluttresultata blir.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP