Nyheter

Religiøse leiarar ber om fred i eit splitta USA

Fleire hundre religiøse leiarar vil arbeide for fred og forsoning i etterkant av det amerikanske presidentvalet.

Onsdag ettermiddag er enno ikkje resultatet av det amerikanske presidentvalet klart. Sitjande president Donald Trump har allereie erklært siger i ein tale i Det kvite huset, noko stemmeoppteljinga ikkje viser. Den sterke splittinga i det amerikanske samfunnet har vore synleg lenge, og no oppmodar ei brei samanslutting av religiøse leiarar om å arbeide for fred og forsoning i landet.

Fleire stader har det vore tillaup til valdelege spenningar i opptakta til valdagen, og over 800 religiøse leiarar har ifølgje det kristne magasinet Sojourners stått klare til å møte valbasert uro og vald med ikkje-valdelege nedkjølingstaktikkar.

– Når vi forstår at kjelda til styrken vår ikkje ligg i å bruke våpen, møte vondt med vondt eller hat med hat, men i å strekke oss mot den djupe kjærleiken, blir vi sette i stand til å endre verda, seier pastor Traci Blackmon i United Church of Christ.

Har fått opptrening

Saman med dei religiøse organisasjonane Faith in Public Life og jødiske Bend the Arc har United Church of Christ tatt initiativ til opptrening av religiøse leiarar som ønskjer å arbeide mot valdelege spenningar under og i etterkant av det amerikanske presidentvalet. Mellom anna har dei 800 religiøse leiarane fått eit kræsjkurs i emosjonell empati og ikkje-valdeleg strategi. For mange religiøse organisasjonar er også presidentvalet eit gyllent høve til å sette slike for lengst etablerte teknikkar ut i praksis.

Det har vore mykje diskusjon rundt Donald Trumps store støtte blant evangelikale veljarar, som for fire år sidan hjelpte han med å komme til presidentmakta. Den kjente pastoren Tony Evans og den bestseljande forfattaren Max Lucado er blant dei rundt 200 evangelikale leiarane som har signert oppropet «Eit 2020-kall til bibelsk fredsskaping», der dei understrekar det viktige i å heve seg over politisk usemje og sosial splitting som følgje av den tette presidentvalkampen.

– Eg ber for at vi kan komme oss bort frå vi/dei-tenkinga og gå inn i ei tid med samarbeid og gjensidig respekt, seier Lucado til The Christian Post.

Press mot bibelske verdiar

Oppropet kom i stand etter at dei kristne leiarane blei klar over negativ og målretta retorikk, og nokre tilfeller av vald, mot spesifikke religiøse, etniske og politiske grupper i forkant av valet.

– Vi veit at politiske val, særleg eit høgst splittande val som dette, kan skape press til å oppføre seg på måtar som er i strid med Jesu lære og bibelske verdiar, skriv leiarane i oppropet.

Også kristne her i Noreg følgjer situasjonen i USA tett. Preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, har lang erfaring frå økumenisk arbeid på tvers av usemjer og store kulturforskjellar gjennom mange års arbeid som generalsekretær i Kirkenes Verdensråd. Han seier at det krev mykje av alle å leve opp til dei demokratiske prinsippa og lovene som gjeld, både dei som vinn eit val og dei som taper.

–  Uansett kven som blir vald til president må amerikanarane leve saman i familie, nabolag, lokale miljø, stat og nasjon. Det blir også krevjande, uansett kven som vinn, seier han til Vårt Land.

Positiv til involvering

Fykse Tveit meiner det er mange teikn på at demokratiet med sine prinsipp og institusjonar er under sterkt press.

– Kyrkjeleiarar må adressere det, uansett standpunkt i valet. Det gjeld fred og rettferd for alle, seier han.

Han er positiv til at så mange religiøse leiarar i USA går i front for å skape forsoning etter eit splittande presidentval.

– Uansett kva som skjer, er det store spenningar, særleg med tanke på rasismeproblematikken, som er blitt mykje verre dei seinaste åra. Det gjer at dei som har moralsk og religiøst ansvar må vise leiarskap som handlar om meir enn å be om fredeleg og godt vêr. Det trengst ei forsoning som byggjer på sanning og rettferd. Det må alle kyrkjeleiarar bidra til.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter