Nyheter

Regjeringa blar opp 100 millionar til slaverikamp

Norge held seg med slavar i 2018. Regjeringa blar opp 100 millionar kroner til kampen mot moderne slaveri.

I 1792 vedtok Danmark-Norge ein lov som forbaud handel med slavar; ei kongeleg forordning om «Opphevelse av negerhandelen». Men i røynda blei det berre ei privatisering av den lukrative slavehandelen mellom Afrika og Amerika, for loven ramma berre handelen til den dansk-norske staten.

226 år seinare erkjenner Solberg-regjeringa at kampen mot slaveriet langt frå er vunnen:

– Me vil bidra med 100 millionar kroner til å bekjempe slaveri, fortel utvikingsminister Nikolai Astrup (H).

Pengane kjem frå nysalderinga av statsbudsjettet. Kvar haust gjer regjeringa greie for endringar som er vedtekne av Stortinget, altså pengar som er blitt ståande ubrukte på inneverande års budsjett.

LES MEIR: Kristen-Norge med opprop mot slaveri

Førebyggje

Astrup sender dei 100 millionane til Global Fund to End Modern Slavery, eit statleg-privat samarbeidsfond som med støtte frå både private verksemder og statar arbeider med å førebyggje moderne slaveri og gje ofre for menneskehandel i utviklingsland ein ny start og ny von – mellom anna gjennom å tilby nye og skikkelege jobbar.

– Det at store arbeidsgjevarar er med og støttar fondet økonomisk betyr mykje, forklarar Astrup.

– Var det fondet som fann dykk, eller de som fann fondet?

– Vi leita etter gode partnarar, og fann Global Fund to End Modern Slavery.

Fondet blei skipa i januar i år, og halvparten av midla kjem frå store internasjonale selskap og den andre halvparten frå regjeringar. I fjor løyvde til dømes Storbritannia 20 millionar pund til fondet.

Offer

Astrup meiner det er viktig at Norge støttar kampen mot moderne slaveri:

– Dette er, dessverre, ei stor utfordring i særleg mange fattige land. I land der store grupper barn ikkje får gå på skule blir barn lett offer for slaveri i form av barnearbeid.

Utviklingsministeren trekkjer fram ei underliggjande årsak når han skal forklare omfanget av dagens moderne slaveri:

– Fattigdom.

Sprik

Den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO meiner at så mange som 40 millionar menneske lever under det dei kallar «slaveriliknande» tilhøve. Og; du finn slavar også i Norge.

Rapporten Global Slavery Index seier at så mange som 9.000 menneske kan vere slavar i Norge. Politidirektoratets (POD) Koordineringsenhet for ofre for Menneskehandel (KOM) opererer med langt lågare tal. 262 personar blei 2016 oppdaga og identifiserte som offer for det som truleg er menneskehandel.

Spennet i tal forklarar POD med at deira tal berre samlar rapportar om dei som får oppfølging som menneskehandelsoffer.

LES MEIR: 2.000 i opptog mot slaveri

Kunnskap

I oktober gjekk nærare 2.000 menneske i 13 norske byar i demonstrasjonen Walk For Freedom, ein internasjonal kampanje som organisasjonen A21 arrangerer for å rette søkelyset på moderne slaveri.

Lovisa Njord Johansson, dagleg leiar for A21 Norge, fortalde Vårt Land at dei ofte møter overraska nordmenn når teamet slaveri kjem på dagsorden:

– «Dette kjenner eg ikkje til. Er det mogleg i 2018?». Folk blir overraska, så vi må gjenta om og om igjen for at folk skal vite, sa ho til Vårt Land etter demonstrasjonen.

Handlingsplan

Utviklingsminister Nikolai Astrup understrekar at løyvinga på 100 millionar kroner til Global Fund to End Modern Slavery også er ei oppfølging av regjeringas handlingsplan mot menneskehandel som blei lagt fram i 2016. Her slår seks statsrådar fast at «Menneskehandel er vår tids slaveri. Vi aksepterer ikke menneskehandel i Norge eller andre land».

I fjor signerte Norge også eit opprop mot «moderne slaveri» som er organisert av Storbritannia.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter