Nyheter

Redd jødar går ­under jorda

Bak brevet til Oslo bystyre står ein improvisert underskriftskampanje. Leif Knutsen er ein av initiativtakarane.

– Når Oslo byråd vil drive utanrikspolitikk, må me minne det om konsekvensane det får lokalt i Oslo, seier Leif Knutsen, ein av initiativtakarane bak underskriftskampanje mot kommuneboikott av israelske varer.

– Kva blir konsekvensane?

– Mobbinga av jødiske barn blir verre,­ og vaksne som gjev til kjenne at dei er jødiske, blir raskt gjort ansvarlege for Israels handlingar, gjerne i svært utfordrande ordelag og med sterke skuldingar.

Utvandre. – Kva blir resultatet av dette, på sikt?

– Som jøde kan ein bli meir synleg, utvandre eller bli usynleg­ – og med det assimilert, ­seier Knutsen og forklarar:

– Det første betyr at me tek mot til oss, står fram og risikerer alt frå stygge tilrop til dødstruslar. Eller me kan gje opp og utvandre frå Norge, finne nye heimland. Om ti utvandrar blir det eit stort tap for heile landet, for den jødiske minoriteten er liten. Til sist kan ein gå under jorda, slutte å vise fram den jødiske identiteten; bli jøde i løynd.

Om dei to siste alternativa seier Knutsen at «dette kan ikkje Norge vere kjent med».

– Kva er då ditt råd – og dei som har signert brevet til bystyret, byrådet og bystyret?

– Dropp boikotten, bruk heller meir krefter på kjempe ned antisemittismen i Oslo.

«Festtalar». – Byrådspartiet SV seier dei skal klare å balansere ein boikott med lokal kamp mot antisemittisme, vil dei klare det?

– Me avventar konkrete og meir kraftfulle tiltak mot antisemittismen. Det held ikkje med proklamasjonar og festtalar.

– Kva parti har svart på brevet dykkar?

– Til no, berre Høgre.

Knutsen seier han hadde venta at fleire parti ville respondert på brevet.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter