Nyheter

‘Redd for vegen til døden’

ALS-sjuke Knut Bjarkeid vil helst ha hjelp til å døy i Norge. Nordmenn skriv til helseministeren og ber om aktiv dødshjelp.

– Eg trur eg kjem til å avslutte dette sjølv i Sveits.

Mannen som seier dette til NRK er fengselsdirektør Knut Bjarkeid. Etter eit langt yrkesliv i kriminalomsorga, står samfunnstoppen på steget til å bli pensjonist.

LES MEIR: Etikar: Sterke historier formar nordmenns syn på aktiv dødshjelp

Ulækjeleg sjukdom

Men det spørs kor lenge direktøren ved Ila fengsel vil leve. Bjarkeid har fått påvist den ulækjelege og svært alvorlege sjukdommen ALS - eller amyotrofisk lateralsklerose.

– Eg er redd for vegen til døden, fortel Bjarkeid.

ALS øydelegg motoriske nerver i ryggmargen og hjernen, til sist blir pasienten lamma og avhengig av pustemaskin

– Det er eit liv eg ikkje ser for meg i det heile tatt. Eg ønskjer heller å avslutte livet på ein verdig måte, seier Bjarkeid.

Smotthol i lovverket

Nordmenn som reiser til Sveits får hjelp på ein privatklinikk. Her utfører dei det som heiter assistert sjølvmord. Eit smotthol i det sveitsiske lovverket tillet praksisen.

I Sveits undersøkjer legen pasienten og skriv ut medikamenta, men er ikkje til stades under sjølve sjølvmordet.

Fleirtal i folket

To ferske meiningsmålingar viser at fleirtalet av nordmenn følgjer fengselsdirektør Knut Bjarkeid.

Ei meiningsmåling Norstat har gjort for ABC Nyheter no i juni fortel at 51 prosent meiner Norge bør opne for aktiv dødshjelp - for personar med alvorlege sjukdommar som ikkje kan lækjast.

Unge er mest opne, medan personar over 60 år er mest skeptiske.

Ei måling Ipsos MMI gjorde for Dagbladet i mars fortel at 52 prosent seier ja til aktiv dødshjelp i spesielle tilfelle, som ulækjeleg sjukdom.

LES MEIR: – Ikkje ei oppsetting om eutanasi

Skriv brev

Fengselsdirektør Knut Bjarkeid seier til NRK at han gjerne hadde sett at tilbodet han kjenner i Sveits skulle vore lovleg i Norge.

Det same seier brevskrivarar som kontaktar helseminister Bent Høie (H):

«Jeg synes og håper at aktiv dødshjelp bør bli lovlig i Norge (...) fordi jeg har blitt syk og blir ikke frisk igjen», skriv ein.

Ein annan brevskrivar fortel at han eller ho er dement, har ein alvorleg funksjonsnedsetjing - og ønskjer aktiv dødshjelp.

Opna i Canada

I Norge seier dei folkevalde tydeleg nei til alle former for dødshjelp. I Canada blei assistert sjølvmord lovleg for tre år sidan. Det canadiske senatet stemte i 2016 for eit lovforslag om at dødssjuke kan ende livet sitt med assistanse frå ein lege. Loven gjeld for vaksne personar med alvorlege helseproblem som gjev samtykke til å ende lidingane sine.

Sidan det som heiter medisinsk assistert død blei mogeleg, har nesten 8.000 kanadiarar fått slik hjelp, fortel tal frå Health Canada - og dei har stige markant: Frå 1.010 i 2016 til 2.704 i 2017 – og til 4.235 i fjor.

Seier nei

I Solberg-regjeringa seier eitt parti ja til aktiv dødshjelp. Framstegspartiet opnar i prinsipprogrammet for slik hjelp i visse situasjonar.

KrF, Venstre og Høgre seier nei.

– Staten skal ikkje hjelpe nokon med å døy, og Høgres svar for folk som har det vanskeleg skal aldri vere aktiv dødshjelp. Dette er eit fundamentalt prinsipp, som me må stå fast på, sa helseminister Bent Høie på Høgres landsmøte i vår.

Før landsmøtet tok nokre Høgre-tillitsvalde til orde for ja til aktiv dødshjelp i partiets nye prinsipprogram, som skal vare til 2030. Landsmøtet avviste forslaget.

---

Dødshjelp

  • Ulike former for dødshjelp er lovleg i Nederland, Belgia, Luxemburg, Sveits, Colombia og Canada - og i seks delstatar i USA, California, Colorado, Montana, Oregon, Vermont og Washington.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter