Råd vil forby foreldre å ta private gentestar av eigne barn - helseministeren avviser forbodet
Bioteknologirådet vil forby privat gentesting av barn under 16 år. Ikkje aktuelt, seier helseminister Bent Høie. Men departementet åtvarar på det sterkaste mot heimetesting.
Gentesten kjøper du via internett; ein vattpinne, eit plastrøyr og ei adresse til eit laboratorium. Du stryk vattpinnen i munnen for å få med celler frå munnhola, puttar han i plastrøyret og sender det til utlandet, som oftast til USA.
dusanpetkovic
Kan son min utvikle ein alvorleg sjukdom i vaksen alder – til dømes alzheimer?
Er dotter mi berar av gen som vil gjere henne ulækjeleg sjuk – til dømes kreft?
Svara er berre nokre tastetrykk unna. Du kan kjøpe testutstyret for gentesting over internett utan å gå vegen om lege først. Testutstyret som kjem i posten inneheld ein vattpinne, eit plastrøyr og ei adresse til eit laboratorium. Du stryk vattpinnen i munnen for å få med celler frå munnhola, puttar han i plastrøyret og sender det til utlandet, som oftast til USA.
Bestill abonnement her
KJØP