Kirke

Q42 slit med raude tal

Den nye storstua til Filadelfia Kristiansand gjekk i fjor med 11,3 millionar kroner i underskot. Pastor utelukkar ikkje å opne for alkoholservering i framtida.

– Til sjuande og sist er det Filadelfiakirken som eig det meste av areala. Det gir seg sjølv at å handtera underskotet er økonomisk krevjande, sjølv om kyrkjelyden har hatt ei god tid, seier Wiggo Skaggestad, hovudpastor i pinsemenigheita Filadelfia Kristiansand.

For andre år på rad peiker pilene ned for hotell- og konferansesatsinga til Filadelfia Kristiansand (FK). I 2017 gjekk dei med eit underskot på 7,1 millionar. I 2018 auka underskotet med over 4 millionar, til 11,3 millionar kroner.

Dei raude tala vert ein del av eit større bilete: Fleire andre av FKs føretak blir i dag drive med underskot. Blant anna hadde Radio 3,16 AS, som er eigd av Filadelfia Media AS, i 2018 eit underskot på i overkant av 4,4 millionar kroner.

LES MEIR: Nærmere én av tre unge ­kristiansandere går i en ­kristen menighet. I gatene utenfor finner vi et av ­landets tøffeste ungdomsmiljøer. Hvordan ble det slik?

Enkel løysing

Q42 var tenkt som Filadelfias nye storstue i Kristiansand. Bygget er på 23.000 kvadratmeter og kosta om lag 600 millionar kroner.

Q42 har slite med låge besøkstal, noko fleire meiner skuldast at eigarane ikkje vil selje alkohol. Mellom anna Erik Riis Jacobsen, tidlegare hotelldirektør ved Radisson Blu Caledonien:

– Eg har forståing og respekt for standpunktet deira. Det handlar om ideologi. Men om ein berre ser på den kommersielle drifta, vil eg anbefale dei å opne for alkoholservering, seier han.

Kutte kostnad, auke inntekt

Billy Øksendal, daglig leiar for Kristiansand Kongressenter AS, meiner at forklaringa på dei negative tala er «enkel»:

- Inntekt og kostnad matchar ikkje. Det er ein stor maskin som skal i gang, og det har vore meir krevjande enn vi såg føre oss i starten. Det er eit stort bygg med store areal og ei stor oppgåve å få det til å bli lønsamt.

– Kva er planen for å snu dei raude tala?

– To ting: kutte kostnad og auke inntekt. KK er ein stor fasilitet som tar tid å innlemme i marknaden, både regionalt og nasjonalt. Innsatsen for å få dette til, må intensiverast enno meir. Det er ei stor oppgåve.

– Fleire i reiselivsbransjen tek til orde for at de tapar mykje på å ikkje ha alkoholservering. Vurderer de å endre avhaldslinja?

– Nå er KK eit eige driftsselskap. Eigaren vår, Filadelfia, har tatt ei prinsipiell avgjerd om at Q42 skal vere eit alkoholfritt bygg. Det handlar mellom anna om det sosiale arbeidet dei gjer for alkoholmisbrukarar. Det hadde vore eit dårleg signal å servere alkohol på vegne av desse.

– Tyder dette at om det var opp til deg, hadde du sagt ja til alkoholservering?

- Eg sit i eldsterådet for Filadelfia, så eg har jo to hattar på meg. Saka om alkoholservering kjem nok til å kome opp i fleire omgangar. No driv Filadelfia serveringa sjølv. I framtida kan andre serveringsaktørar kome på banen, og då vil sikkert spørsmålet dukke opp igjen.

«Ikkje bombastiske»

Wiggo Skagestad, hovudpastor i Filadelfia Kristiansand, seier at kombinasjonen av å vere både kyrkjelyd og eigar var meir krevjande enn dei såg føre seg.

– Men no er det vi som eig bygget og vi som må bera ansvaret, seier han.

Han erkjenner at manglande alkoholservering kan vere éin faktor bak underskotet.

– I same bygg er det også rusrehabilitering. Derfor har vi tatt eit bevisst val om at det ikkje skal vere servering av alkohol. Det er klart at dette har sine kostnadar, men det er ein kostnad vi har bevisst har tatt.

– Vurdere de å byrje med alkoholservering?

– Per nå er det ikkje aktuelt, men vi skal aldri vere for bombastiske. Det kan komme andre eigersamansetningar som gjer at vi må sjå saken med eit nytt blikk. Det er vanskeleg å spå kva som vil skje, seier han.

– Også andre av kyrkjelydens føretak går i underskot. Kva konsekvensar får dette for kyrkjelyden?

– Radiokanalen er eit eige selskap som blei starta med eksterne midlar, noko som gjer at satsinga til no ikkje har belasta økonomien til menigheita. Også der arbeider vi mot å kome i balanse, finansiert av sal av radio, reklame og gåver, seier han.

– Går kollekten til menigheita med til å dekke KK sitt tap?

- Kollekt og givarteneste går til drifta av kyrkjelyden, rusomsorg og misjon. I tillegg har det vore aksjonar for å støtte føretaka, seier Skagestad, og legg til at eksterne og interne aktørar no går igjennom føretaka og «snur kvar stein» for å forbetre drifta.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Mattis C. O. Vaaland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke