Nyheter

Prestar må reise langt med dødsbodskap

Bispedøma må spare pengar. Beredskapsområda blir kraftig utvida.

Kor lang tid kan det gå frå politiet varslar presten om at ein dødsbodskap må ut, til presten når fram til familien som skal få bodskapen?

– To timar er forsvarleg, meiner stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit i Bjørgvin bispedøme.

– Maksimum ein time, seier leiar av Presteforeningen i Bjørgvin, Tom Sverre Tomren.

I morgon møtest dei ved forhandlingsbordet. Saman skal dei bli samde om ein ny beredskapsordning for prestar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Bispedømerådet har pålagt dei å spare pengar. Difor må berdskapsordninga bli billegare.

– I fjor kosta kvar utrykking rundt 30.000 kroner, fortel Fjelltveit.

LES MER – Prester kan ikke regne alt som jobb

Spare pengar

I dag er bispedømet oppdelt i 12 beredskapsområde. Fjelltveit ønskjer å kome ned i 7. Slik kan han spare opp mot 500.000 kroner – og like viktig:

– Beredskapstenesta blei i år lagt om. Prestane får ikkje lenger eit fast tillegg for veka dei er på beredskap, men eit tillegg for kvar utrykking. Men dei kan avspasere 17 timar for kvar veke med vaktberedskap. Desse timane må vi finne vikarar til, så dermed blir det framleis ei dyr ordning. Eg ønskjer færre og større område som involverer færre prestar.

– Presteforeningen meiner det berre bør gå ein time frå presten får varsel om å gå med dødsbodskap, til presten får levert bodskapen. Du meiner det dobbelte er akseptabelt, kvifor?

– Svært ofte opplever vi at dei pårørande allereie er varsla, anten via jungeltelegrafen eller via sosiale medier. Difor blir prestens oppgåve å drive oppfølging.

LES MER Prestene frustrerte over timetelling

Raskt fram

Presteleiar Tom Sverre Tomren er usamd. Han vil at presten skal nå fram med bodskapen raskast mogleg.

– Vi sparar pengar ved å få færre og større beredskapsområde, men innsparingane er ikkje store.

Andre postar

Den norske kyrkja må spare pengar. I mars fortalde Vårt Land at Bjørgvin bispedøme ville spare lønnsutgifter ved å seie opp så mange som ti prestar. Tiltaket skulle dekkje inn eit underskot på 7,5 millionar kroner.

Kulturdepartementet sa tvert nei til sparetiltaket. Eit bispedøme kan ikkje seie opp fast tilsette prestar. Difor måtte bispedømerådet finne andre postar som kunne kuttast.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter