Nyheter

Politisk leiing i KrF-departementet har arbeidd for oljebransjen

Både statssekretæren og den påtroppande statsrådsvikaren i Barne- og familiedepartementet (BFD) har arbeidd i kommunikasjonsbyrået First House.

First House har lagt fram listene som viser kva kundar Ida Lindtveit Røse og Julian Farner-Calvert arbeidde med i byrået, som sel råd til næringslivet – eller som dei seier det sjølv: «First House bistår med langsiktig posisjonering og omdømmebygging av virksomheter, personer, produkter, varemerker og ideer» og «politisk bestemte rammebetingelser kan være til hinder, men kan også skape nye muligheter».

Akkurat som Farner-Calvert har Røse arbeidd for bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass.

– Hjå oss arbeidde Røse med prosjektet Det store bildet, om energiutfordringa me skal handtere i framtida. Me ville få meir kunnskap om kva unge politikarar tenkjer om energi, noko som er viktig, for unge politikarar har tatt ei aktiv rolle i denne debatten, forklarar kommunikasjonsdirektør Tommy Hansen til Vårt Land.

Kritikk frå SV: «Statsrådsfabrikk»

Leiaren i Stortingets kommunalkomité, Karin Andersen (SV), er kritisk til at mange regjeringsmedlemmer har fartstid frå First House:

«Dama er både dyktig og hyggelig, men First House er blitt en politiker- og statsrådfabrikk, en maktstruktur som verken er valgt eller noen har innsyn i. Elitens håndplukkede influensere har allerede for stor makt», skriv Andersen på Twitter og utnemninga av Røse.

Då Sylvi Listhaug blei Frps landbruksminister i 2013 og Tor Mikkel Wara Frps justisminister i 2018, kom begge frå rådgjevarjobbar i First House.

Vikar i nesten tre månader

Laurdag kveld, midt i beste sendetid på Dagsrevyen, blei det klart: Ida Lindtveit Røse blir statsrådsvikar i nesten tre månader.

KrF-leiar og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad har handplukka den tidlegare KrFU-leiaren til å leie departementet medan han har pappaperm frå juni til august. Røse er i dag gruppeleiar for KrF på fylkestinget i Viken.

Etter at ho gav seg i KrFU, var Røse tilsett i NHOs foreining for kunnskaps- og teknologiverksemder, Abelia. I seks månader i fjor var ho seniorrådgjevar i First House.

Fossile kundar

Røses kundeliste i First House viser at den påtroppande KrF-statsråden heldt fram med å jobbe for NHO, både for hovudorganisasjonen og for bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass. Han er interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon for oljeselskap og leverandørverksemder knytt til oljeverksemda på norsk kontinentalsokkel, og arbeider for å få best moglege rammevilkår for næringa som slusar milliardar inn i statsbudsjett og oljefond.

Dei andre kundane til Røse var bransjeorganisasjonen Norsk Takst, riggselskapet Prosafe, kommunikasjonskonsernet Interel France SAS, fagorganisasjonen Lederne, legemiddelkonsernet Roche Norge, børskonsernet Euronext og bilkonsernet Harald A Møller.

Leverte alkoholanalyse

Når Røse tek plass på statsrådskontoret i BFD, møter ho igjen ein gammal kollega frå First House. Då Julian Farner-Calvert blei utnemnd til statssekretær for Ropstad i januar i fjor, hadde han arbeidd i First House i om lag eit år. Han har mellom anna vore generalsekretær i KrFU og byrådssekretær i Oslo.

Farner-Calverts kundeliste i First House viser at også han har arbeidd for Norsk olje og gass. Ein annan viktig kunde var Travel Retail Norway. Rett før han blei statssekretær, leverte Farner-Calvert ein analyse der han vurderte korleis KrF ville stille seg til ei utgreiing frå regjeringa som konkluderte med ei åtvaring; flyplassar sto i fare for bli lagt ned dersom Vinmonopolet fekk overta taxfree-salet, fortel Filter Nyheter.

Farner-Calverts andre kundar var Color Line, barnehagekonsernet Espira, Ringnes, legemiddelkonsernet Pfizer Norge, REMA 1000, Harald A Møller og Norsk Takst.

LES MEIR OM POLITIKARAR SOM GÅR TIL KOMMUNIKASJONSBRANSJEN:

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter