Nyheter

Politi etterspør tiggarforbod

I Danmark er ein rumensk tiggar dømt til 14 dagars fengsel. Oslo-politiet trur lovforbod kan få ned tiggarkriminalitet i Norge.

Danmark vil skræme tiggarar frå å kome til landet. Med hjelp frå Socialdemokratiet og Dansk Folkeparti fekk den borgarlege regjeringa klubba gjennom ei hastelov i det Danmark gjekk over i feriemodus.

21. juni vedtok Folketinget eit nasjonalt tiggarforbod – og
regjeringa har uttrykkeleg fortalt politiet og påtalemakta at tiggar­saker skal ha prioritet.

11. juli blei den første tiggaren arrestert, og tiltalt. 18. juli blei han dømt til 14 dagar i fengsel. Tiggaren møtte ikkje i retten. Politiet veit ikkje kvar rumenaren er.

– Blir tiggarar skræmde frå kome til Danmark, Guri Tyldum?

– Dei gamle damene reiser nok ikkje til Danmark lenger. Men det skal meir enn eit tiggeforbod til for å skræme dei «røffare» tiggarane, dei som også tyr til kriminalitet, seier Fafo-forskar Tyldum til Vårt Land.

I 2015 var ho ansvarleg for eit større prosjekt som kartla romfolks levekår i Danmark, Sverige og Norge.

LES OGSÅ: Frp vil forby tigging i Oslo

Tener meir

– Betyr det danske forbodet at det kjem fleire tiggarar til Norge?

– Kanskje.

Tyldum utdjupar:

– Danmark og særleg København har alltid trekt til seg
fleire tiggarar en Norge og Sverige. Det skuldast at dei tener betre i København. Danskane drikk til dømes meir i det offentlege rommet, så inntektene frå pant er gode. Når Danmark no har vedteke eit forbod, kan kanskje fleire finne det meir tenleg å reise til Norge.

LES OGSÅ: Os kommune forbyr tigging

Lokale forbod

Norge hadde eit forbod mot tigging fram til 2005. I 2014 vedtok Stortinget eit forslag frå Solberg-regjeringa som opnar for kommunale tigge­forbod.

Men få by- og kommunestyre har valt forbodslina. Fram til mai var det berre Lillesand kommune som kriminaliserte tigging. Så følgde kommunane Sola og Os etter og innførte forbod – og med forbodet i Os forsvann tiggarane frå kommunen, melder politiet i Hordalands-kommunen.

Totalt har 86 kommunar innført regulering av tigging. Dei aller fleste krev at tiggarane melder frå til politiet om at dei vil tigge.

LES OGSÅ: Slik jager kommuner tiggere

Færre prostituerte

Politiet i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Kristiansand har eigne grupper som arbeider med menneskehandel, og som møtest jamleg.

Thor Martin Elton leiar gruppa i Oslo. Han fortel at NRK-dokumentaren «Lykkelandet» om kriminelle tiggarnettverk i Bergen har langtidsverknad på tilhøva i Vestlands-byen.

– I sommar har byen færre prostituerte, fortel Elton.

– Så det er mogleg å skræme folk frå å kome til Norge?

– Det kan sjå slik ut.

Visepolitimester i Vest politi­distrikt, Ole Valland, fortel til NRK Hordaland at politiet også har hatt ein målretta innsats mot nettverka, og har både vist bort frå byen og vist rumenarar ut av Norge.

LES OGSÅ: – Å be om hjelp er en menneskerett

Sel pillar

I Eltons by, Oslo, er det ein annan type kriminalitet som uroar, tablettsal.

– I Romania får ein kjøpt narkotiske tablettar for 4-5 kroner stykke. Desse blir selt til misbrukarar i Norge for 35-40 kroner. Vinsten er med andre ord enorm, fortel Elton.

– Kven står for salet?

– Alt frå tiggarar som sit i gatene og brukar tigginga som eit skjul, til kriminelle rumenske nettverk som sel stort. Vi har fått utvist mange frå Norge for slikt sal.

– Danmark har vedteke eit nasjonalt forbod mot tigging, bør Norge gjere det same?

– Eg meiner det ville ha vore nyttig. Eit forbod vil ikkje få bukt med problemet, men vi vil få løyst noko. Som til dømes stoppe familiar frå å plassere barn i 8-9-10-årsalderen på gata for å tigge, meiner Elton.

Tiggeforbodet i Danmark varer fram til 2020. Då må Folketinget handsame det på nytt.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter