I sal 828 i Oslo tinghus sit ein restauranteigar og toar hendene sine. Han hevdar uskuld i saka der restaurantselskapet hans er tiltalt for å ha brukt ein arbeidstakar utan lovleg opphald i Norge. Arbeidstakaren er tilsett i vikarbyrået Plog, og blei leigt ut til restauranten som vaskehjelp i ein periode på ni månader. Men arbeidstakaren har ikkje lovleg opphald i Norge, han er ein såkalla ureturnerbar.