Vedtaket Canadas folkevalde har fatta er av det uvanlege slaget. Parlamentet oppmodar den katolske kyrkja, ved pave Frans, om å gjere opp for gammal urett. Konkret ønskjer nasjonalforsamlinga i Ottawa at paven skal kome til Canada og be om orsaking for overgrep og omsorgssvikt på internatskular den katolske kyrkja dreiv i landet.