Nyheter

Pantekongen Olve

Olve Kartveit Rolfsnes samlar flasker for å gjere kvardagen litt betre for mange. Pantepengane sender han til jordskjelvramma Nepal.

Bilde 1 av 5

Olve er ikkje som seksåringar flest. Når han finn tomflasker, ser han pengar som kan kome til nytte i land langt frå Norge. Då Nepal blei ramma av jordskjelv i slutten av april, var unge Rolfsnes klar på nytt:

Han måtte pante flasker slik at folk i Nepal fekk tilgang på reint vatn.

Pengane han hentar ut av panteautomatane sender guten vidare til Kirkens Nødhjelp, som har reint vatn som eit av primæroppdraga i land som blir herja av naturkatastrofar.

Førebels har seksåringen fått inn vel 3.500 pantekroner til Nepal.

– Han tek oppdraget alvorleg. Når han ser tomflasker, ser han kroner til Nepal, fortel mor Ingunn Kartveit. Sonen er i barnehagen, så mor er talskvinne for aksjonisten.

Knuste innsamlingsmålet

Olve Kartveit Rolfsnes oppdaga at det låg pengar i pant under TV-aksjonen i fjor haust. Under eit besøk hjå morfaren fann Olve og mora nokre flasker. Samtalen om kva dei skulle bruke pantekronene på enda med at Olve avgjorde at pengane skulle gå til TV-aksjonen, for folk trong reint vatn. Innsamlaren frå Bergen sette seg eit mål han meinte var realistisk: 500 kroner.

Men då aksjonsdagen kom, og Olve summerte opp panteinntektene, passerte han 6.000 kroner; vassaktivisten hadde meir tidobla resultatet.

Fekk posar

Takka vere omtale i Bergensavisen og i sosiale medier blei mange merksame på panteaksjonen til Rolfsnes. Naboar, vener og totalt framande gav posar med flasker til storpantaren. På lokalbutikken kom folk bort med pantelappane og gav dei til Olve når dei såg kven som kom med nye posar med tomgods.

– Vi hadde så mykje pant at vi okkuperte panteautomatane i opptil ein time – kvar gong. Folk som kom for å pante gav posane til Olve framfor å vente på at vi skulle bli ferdige, fortel Ingunn Kartveit.

Medan den jamne bergensar gav 38 kroner til TV-aksjonen, kunne guten frå bydelen Åsane sende inn det mangedobbelte.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Livet ut

Under fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp i mars var Olve i sving på nytt. Panten gav 4.000 kroner i samla inntekt som på nytt gjekk til vassprosjekt.

– Og då skjelvet kom i Nepal og det blei snakk om at folk trong vatn, sa Olve frå om at no måtte vi ut og samle flasker på nytt, fortel Ingunn Kartveit.

– Kor lenge har han tenkt å halde på?

– Han har fortalt meg at dette skal han gjere livet ut.

LES OGSÅ: Joakim (9) bygger ny kirke med pantepenger

Ny kyrkje

Olve Kartveit Rolfsnes er ikkje den einaste panteaksjonisten som har støvsugd nærområdet for flasker til eit godt formål. I 2012 fortalde Vårt Land om då ni år gamle Joakim Jørgensen som samla inn til ny kyrkje i Porsgrunn.

Etter eit kyrkjebesøk i regi av Søndagsskolen blei unge Jørgensen svært glad i Østre Porsgrunn kirke, så då kyrkja brann ned til grunnen i 2011, kom han opp med ideen om å byggje ny kyrkje med pantepengar.

Då Joakim Jørgensen gav ordføraren i Porsgrunn 1.650 kroner til nytt bygg, svarte ordføraren med å doble pantepotten.

LES OGSÅ: Ordføreren dobler Joakims (9) pantepott

– Eit rørande engasjement, sa Øystein Beyer.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter