Overfylt mottak på øya Samos
Overlessa gummibåtar kjem til greske øyar, men ikkje alle overlever overfarten. På Samos støyter fastbuande saman med flyktningar.

– EU tillet folk å bli fanga under forferdelege tilhøve medan dei prøver å returnere dei til Tyrkia, utan å lukkast, seier Renata Rendón, leiar for Oxfams humanitære hjelpearbeid i Hellas.
Ho meiner flyktningsituasjonen på dei greske øyane viser at Europas politiske leiarar ikkje evnar å verne menneske som flyktar frå krig og forfølging.
LES MEIR:
Sprengt
Kos, Leros, Chios, Samos og Lesvos - dei fem greske øyane ligg nært inntil Tyrkia. Difor søkjer asylsøkjarar, særleg afghanarar og irakarar, hit. Dei vonar å få opphald i Europa.
Totalt har det kome 5.100 personar til Hellas sjøvegen i januar-mars. Storparten går i land på Lesvos og Samos. På Lesvos blir folk stua inn i den overfylte Moria-leiren. Men også på Samos er kapasiteten sprengt.
Registrerings- og mottakssenteret i Vathy på Samos er dimensjonert for 650, no husar det godt over 4.000, melder den greske avisa Kathimerini. Samla er det vel 15.000 asylsøkjarar på dei fem øyane.
Druknar
Langt frå alle overlever båtferdene over havet frå Tyrkia. For ein månad sidan omkom tre menneske, mellom dei to barn, då ein båt sokk utanfor Samos. Gresk kystvakt redda dei ni andre i båten.
Førre veke drukna fire, tre kvinner og eit barn, då båten deira gjekk ned rett utanfor kysten av Tyrkia. Han var på veg til Lesvos. Tyrkisk kystvakt henta opp 11 overlevande, melder Aegan Boat Report, som følgjer båttrafikken mellom Tyrkia og Kos, Leros, Chios, Samos og Lesvos.
Kystvakt
Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) la i februar fram ein rapport om tilhøva for flyktningar og asylsøkjarar i Tyrkia. Rapporten opplyser at totalt oppheld rundt fire millionar flyktningar og asylsøkjarar i landet.
Med tal frå Tyrkias kystvakt fortel den tyriske avisa Daily Sabah at vel 25.000 blei stoppa då dei prøvde å ta seg til Hellas frå Tyrkia med båtar i fjor. I januar, februar og mars i år plukka kystvakta opp om lag 4.000.
Den internasjonale organisasjonen for migranter (IOM) opplyser at over 200 flyktningar og migrantar har hittil i år drukna i forsøk på å ta seg sjøvegen til Europa, dei fleste på ruta frå Libya til Italia.
LES MEIR: Ein gresk tragedie
Helsetilbod
Fordi mottakskapasiteten på Samos er sprengt, blir det gnissingar mellom asylsøkjarar og fastbuande. I byen Vathy nektar ei gruppe foreldre å sende barna på den lokale skulen fordi det er flyktningbarn i klassane.
Utdanningsdepartementet i Hellas seier i ei fråsegn at foreldra «prøver å skape eit klima for rasisme og framandhat», melder greske medier. Foreldra seier dei berre er opptekne av helsetilbodet til flyktningbarna, og at dette er så dårleg at barna representerer «ein helserisiko» når dei er saman med fastbuande barn.